Når klimaet endrar seg, må reiselivet gjera det same. Kva kan og bør Hardanger gjera for å tilpassa seg?
I fjor måtte sommarskisenteret på Folgefonna stenga dørene - ei klar påminning om at klimaendringane har kome til Hardanger-regionen. Samstundes veks det fram nye ferietrendar, som til dømes “Coolcation” der turistar flyktar frå steikande varme til det våte og kjølige klimaet me har på Vestlandet.
Men kva betyr desse klimaendringane for reiselivet i Hardanger? Korleis vil straumen av turistar endra seg dei komande åra, kva kan lokale gjera for å tilpassa seg og kva moglegheiter kan oppstå? Desse viktige spørsmåla er sentrale når Trygve Sunde Kolderup og Haaken Christensen frå SPOR kjem til Øystese og Hardanger Next for å snakka om “Eit klimatilpassa reiseliv”.
Store utfordringar og store moglegheiter
– Det er ikkje mogleg å driva med investeringar eller utvikla næringsverksemd i dag utan å ta klimatilpassing inn som ein faktor, og det er definitivt tilfelle også i Hardanger. Ein ser det på Folgefonna, der skisenteret måtte stenga, men også i ekstremvêret som rammar Hardanger oftare enn tidlegare, seier Kolderup.
Smeltande isbrear og ustabilt vêr skapar store utfordringar, men Kolderup understreker samstundes at klimaendringane også kan føra med seg nye moglegheiter og gjestestraumar.
– For to år sidan snakka eg med ein breguide i Sogn, og han hadde slutta med å unnskylda seg for det dårlege vestlandsvêret. Det er noko turistane søkjer seg til. Dei er nemleg leie av høge temperaturar og solsteik i andre deler av Europa.
Vegen mot heilårsturisme
Kva skjer når det unormale vert den ny normalen? Forskning slår fast at vêret langs Vestlandet vil verta meir uforutsigbart i framtida. Ein må difor førebu seg dersom desse utfordringane skal gjerast om til moglegheiter.
– Dette er ekstra viktig dei stadane ein ynskjer heilårsturisme. Kva viss gjestene køyrer leigebil under ekstremvêr og ikkje kjem fram? Eller kva om Folgefonna ikkje kan tilby snø- og brebaserte opplevingar lenger? Då må ein tenka framover, understrekar han.
Kolderup trekk også fram balansen i besøksstraumane som ein annan viktig faktor. Coolcation-trenden fører fleire gjestar til Hardanger om sommaren, men om all veksten skjer i juli og august, medan skuldersesongane framleis slit, blir heilårsturisme endå vanskelegare å oppnå.
– Ein har allereie utfordringar med besøkskapasitet i høgsesongen. Dersom sommaren blir overfylt, medan mai, september og oktober forblir stille, får ein ikkje den veksten destinasjonen treng og ynskjer seg, seier Kolderup.
Les også: Visit Norway: - Slik får du turistar til å stoppa opp i feeden din
Kva kan Hardanger gjera?
På Hardanger Next vil ikkje Kolderup og Christensen berre belysa alle utfordringane, men også diskutera potensielle løysingar og moglegheiter.
– Dette handlar om besøksstraumar og korleis me kan planleggja betre. Det handlar om korleis ein tilpassar produkta til eit nytt klima, om korleis ein skapar meir robuste reiselivsopplevingar, og om korleis ein sikrar at Hardanger framleis er ein attraktiv destinasjon i åra som kjem, uansett vêr og sesong.
Vil du vita korleis klimaendringane påverkar reiselivet i Hardanger-regionen – og korleis du kan tilpassa deg for å skapa nye moglegheiter? Då må du få med deg Hardanger Next 26.-27. mars 2025 på Hardangerfjord Hotell i Øystese!