Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg.

Visit Hardangerfjord jobbar aktivt med å styrka våre medlemmer si lønsemd og konkurranseevne. Dette gjer me gjennom produktutvikling, digital og print kampanjar, sosiale medier, bearbeiding av internasjonale turoperatører gjennom workshops og messebesøk, presseturar og pressemeldingar, innhaldsproduksjon og marknadssamarbeid med Fjord Norge og Visit Norway. Hardanger er unikt i verdssamanheng, og det er akkurat det unike som står sentralt i arbeidet vårt. Kvar bygd og kommune kan skilta med natur, aktivitetar og attraksjonar andre destinasjonar kan drøyma om. Produkta og tilboda er her, og saman skal me løfta fram og utvikla Hardanger for å nå det store potensialet regionen har.

Jeg er interessert!

Kva jobbar
Visit Hardangerfjord
med?

Visningsturer
1/2
Presseoppslag
2/2

Media

Pressebesøk av både innan- og utanlandske journalistar, samt distribusjon av pressemeldingar.

Workshops
1/3
2/3
3/3

B2B

Messer, workshops, møter, visningsturar og nyheitsbrev med/til turoperatørar og reisebyrå.

Innholdsproduksjon
1/3
2/3

B2C

Historieforteljing, innhaldsproduksjon (bilete, video og tekst), SEO, kontinuerleg optimalisering av digitale flatar, m.m.

Influencers
1/2
Målretta annonsering
2/2

Sosiale medier

Influencers, pakkettering, målretta annonsering av innlegg, kampanjeutvikling, m.m.

Kvifor skal du vera medlem
i Visit Hardangerfjord?

Produktpresentasjon og god synlegheit på Hardangerfjord.com, VisitNorway.com og Fjordnorway.com.

Verta omtalt i trykte brosjyrar på norsk, engelsk og tysk (fleire hundre tusen eksemplar og målretta distribusjon). Du vert også omtalt i B2B samanheng med synlegheit i Hardangerfjord Guiden, som vert distribuert til innanlandske og utanlandske turoperatørar.

Mogelegheit for å delta i internasjonale reklamekampanjar.

Synlegheit på internasjonale messer og workshops retta mot turoperatør-marknaden.

Mogelegheit for å verta inkludert i presseturar og visningsturar for turoperatørar.

Gode rabattar på annonser både på web og trykte publikasjonar.

God omtale i media gjennom presseturar og distribusjon av pressemeldingar.

Synlegheit i Hardanger-lounge på turistinformasjonen i Bergen (600.000 vitjande årleg)

Tilgang til workshops og kurs.

Fellesskap. Skal ein verkeleg lukkast med reiselivet i Hardanger, må me stå saman og jobba i lag.

Ynskjer du meir informasjon om medlemskap i Visit Hardangerfjord?

Fyll inn informasjon her, så tek me kontakt med deg for ein uforpliktande prat!

Takk. Vi kontakter deg så snart vi kan.
Oops! Noe gikk feil. Prøv igjen