Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg.
Visit Hardangerfjord jobbar aktivt med å styrka våre medlemmer si lønsemd og konkurranseevne. Dette gjer me gjennom blant anna produktutvikling, digital marknadsføring, kampanjar, sosiale medier, bearbeiding av internasjonale turoperatørar gjennom workshops og messebesøk, presseturar og pressemeldingar, innhaldsproduksjon og marknadssamarbeid med Fjord Norge og Visit Norway. Hardanger er unikt i verdssamanheng, og det er akkurat det unike som står sentralt i arbeidet vårt. Kvar bygd og kommune kan skilta med natur, aktivitetar og attraksjonar andre destinasjonar kan drøyma om. Produkta og tilboda er her, og saman skal me løfta fram og utvikla Hardanger for å nå det store potensialet regionen har.
Det er ei rekke fordeler med medlemskap i Visit Hardangerfjord, og me jobbar kontinuerleg med å auka verdien ein får som medlemsverksemd. Fordeler som kan nemnast er blant anna:
Produktpresentasjon og god synlegheit på nettsidene våre, i tillegg til Visit Norway og Fjord Norway. Ein får også omtale i trykksakene våre (fleire hundre tusen eksemplar og målretta distribusjon), som er gode verktøy både for B2C- og B2B-marknaden.
Medlemskapet gjev deg også moglegheit for å delta i internasjonale reklamekampanjar, samt god synlegheit på internasjonale messer og workshops retta mot turoperatør-marknaden. Medlemmer vert også inkludert i presse- og visningsturar. Dette, kombinert med målretta presse- og PR-arbeid, kan gje god synlegheit i media.
Visit Hardangerfjord er godt synleg ute i marknaden, og me tilbyr medlemmene våre fleire gode digitale og trykte annonsealternativ til ein rabattert sum.
Medlemsverksemder får også tilgang til møter, workshops og kurs i regi av Visit Hardangerfjord. Kunnskapsdeling og samarbeid er utruleg viktig for å lukkast med utvikling av regionen. Og nettopp dette fellesskapet er noko av det mest sentrale med eit medlemskap. For skal ein verkeleg lukkast med reiselivet i Hardanger, må me stå saman og jobba i lag. Og kvar ei krone som går inn til Visit Hardangerfjord, går tilbake til marknadsføring og utvikling av regionen. Jo fleire som er med, jo meir får me gjort saman.
SoMe Manager
Sosiale medier, innhaldsproduksjon, nettsideoppdateringar,art direction, influencer-samarbeid, o.l.
+47 415 22 622
Product Marketing Manager
Visningsturar, messer, workshops, produktutvikling, trykksaker, medlemssamlingar, turistkontormøter, o.l.
+47 414 87 528
CEO
Forretningsutvikling og strategi, merkevare, art direction, UX, content, marknadsføring, produktutvikling, o.l.
+47 926 64 894
Content Marketing Manager
Web og UX, marknadsføring, innhaldsproduksjon, PR, kampanjeutvikling, annonsering, nettsideutvikling,o.l.
+47 975 02 497