Kvifor fungerer nokre samarbeid – medan andre gjev null effekt?

Mange jobbar med influensarar og innhaldsskaparar. Men kva er det som faktisk avgjer om samarbeidet gjev resultat? På Hardanger Next får du svara.

– Det første ein må spørja seg om, er om det i det heile tatt er ein god match. Du må nå dei rette folka. Det er betre med ein creator med 2.000 relevante følgjarar enn 200.000 som ikkje bryr seg, seier Ellen Homstad.

Ellen Homstad, influensar

Det må treffa dei rette – ikkje flest mogleg

Homstad jobbar som fotograf og innhaldsskapar, og har fleire års erfaring med samarbeid i reiselivet. Ho peikar på at mange bommar allereie før samarbeidet har starta.

– Det må vera relevant for dei som følgjer personen. Elles spelar det eigentleg inga rolle kor mange du når ut til.

Like viktig er det at innhaldet treff på ein måte folk kjenner seg igjen i.

– Kor lett er det for publikum å sjå seg sjølv i opplevinga? Det er ofte det som avgjer om det faktisk fungerer.

Frå fine bilete til opplevingar folk vil vera ein del av

Ifølgje Homstad handlar det ikkje lenger berre om å visa fram det som ser fint ut.

– Det er ein styrke å ha menneske i innhaldet og ei historie folk kan relatera seg til. Det må kjennast ekte, ikkje berre sjå fint ut.

Ho meiner dette er ein viktig grunn til at nokre samarbeid skapar effekt – medan andre berre blir “innhald” som forsvinn i mengda.

Ein balanse mellom styring og fridom

Eit anna punkt mange undervurderer, er korleis samarbeidet blir lagt opp.

– Du må vera tydeleg på kva du ønskjer deg, men samstundes gi creatoren rom til å gjera det dei er gode på. Viss du styrer for mykje, mistar du det som gjer innhaldet truverdig.

På Jaastad Gjestetun. Foto: Ellen Homstad

Dette jobbar du med på Hardanger Next

På Hardanger Next leiar Homstad ein eigen influencer-lab, der deltakarane jobbar konkret med eigne case.

Målet er at du skal gå frå inspirasjon til handling.

– Eg håpar deltakarane sit igjen med ein konkret plan for eit samarbeid dei faktisk kan setja i gang med, seier ho.

I løpet av økta får du jobba med:

Hardanger Next vert arrangert 22.–23. april på Brakanes Hotel i Ulvik.

Meld deg på i dag og bli med på å forma framtida for reiselivet i Hardanger.

Last ned