Kva skjer når AI byrjar å foreslå kva gjesten skal gjera og bu? Då handlar det ikkje berre om synlegheit, men om kvar verdiskapinga i reiselivet hamnar.
– I mange år har reiselivet jobba for å bli synleg i Google. No er spelereglane i ferd med å endra seg. Når AI byrjar å gje svar i staden for lenkjer, blir det avgjerande å forstå korleis ein blir anbefalt, seier Sjur Vågen i Visit Hardangerfjord.
Fleire teknologimiljø peikar på at kunstig intelligens etter all sannsynlegheit vil endra måten me brukar og navigerer på internett, på same måte som søkemotorane gjorde for over 20 år sidan. Tidlegare starta dei fleste reisa si med eit Google-søk og klikka seg gjennom fleire nettsider før dei bestemte seg.
Når AI gjev svaret, kan prosessen bli heilt annleis. Då kan gjesten få servert tre hotell, eit par aktivitetar og ei løysing for å bestilla direkte i svaret. For reiselivet kan det få stor betydning for kven som blir synleg og kven som faktisk får gjestene. Det kan også påverka både Google si rolle og aktørar som Booking.com.
– Me går frå ein kvardag der gjesten klikkar seg gjennom mange nettsider til ein kvardag der ein digital assistent gjev eit ferdig svar, og om ikkje lenge bookar for deg. Då blir det avgjerande å forstå korleis ein blir anbefalt, seier Andreas Skogseth.
Vil du forstå kva AI betyr for reiselivet i praksis?
Bli med på workshopen “Slik når me gjesten når AI gjev svaret” under Hardanger Next.
Når algoritmar skal velja kva som blir presentert, oppstår også nye spørsmål:
Kven bestemmer kva hotell, aktivitetar eller destinasjonar som vert anbefalt? Og kva skjer dersom globale plattformar prioriterer sine eigne løysingar eller større byar framfor mindre destinasjonar?
For Hardanger kan dette få konkrete konsekvensar.
Ein gjest som spør etter opplevingar i Hardanger-regionen kan til dømes få anbefalt å bu i Bergen og heller ta ein dagstur til fjorden, ein trend me allereie ser i dag.
Då forsvinn mykje av verdiskapinga ut av regionen. Difor er det viktig at reiselivsnæringa forstår kva som skjer og korleis ein kan tilpassa seg utviklinga.
Under workshopdagen på Hardanger Next held Skogseth og Vågen workshopen “Slik når me gjesten når AI gjev svaret”.
Her ser dei nærare på:
Du treng ikkje å vera eit teknisk vidunder for å delta. Workshopen er tilpassa reiselivsbedrifter som vil forstå kva som skjer. Målet er å gje ei praktisk og forståeleg innføring i kva utviklinga kan bety for reiselivet i Hardanger-regionen og kva verksemder bør følgja med på i tida framover.
Hardanger Next vert arrangert 22.-23. april på Brakanes Hotel i Ulvik.