Slik får du turistar til å stoppa opp i feeden din

Dei beste historiene er kanskje rett framfor deg. På Hardanger Next kjem Visit Norway for å læra deg korleis du kan gjera kvardagslege opplevingar til treffande innhald på sosiale medium.

I ein kvardag der folk scrollar fortare enn nokon gong, er det enklare sagt enn gjort å skilja seg ut og nå fram med bodskapa sine. For kva skal eigentleg til for å stoppa tommelen på skjermen? Kva får potensielle turistar til å engasjera seg – og ikkje berre sveipa vidare? Evgenia Egorova, Social Media Lead i Visit Norway, har ansvar for den viktigaste SoMe-kanalen i norsk reiseliv. No kjem ho på Hardanger Next for å gje deg konkrete tips og verktøy for korleis du kan nå betre ut og jobba meir effektivt på sosiale medium.

Alle har ein god historie

Egorova og kollegaene i Visit Norway jobbar dagleg med å løfta fram Noreg som reisemål gjennom historieforteljing. På Hardanger Next vil Egorova dela praktiske grep for å gjera innhaldet meir treffande – uansett om du driv ein campingplass, eit hotell eller tilbyr guida turar.
‍

– Mange trur dei ikkje har historiar som er interessante nok, men dei beste historiene lever i kvardagen vår – me berre ser dei ikkje fordi dei er så «vanlege» for oss. Eplehausting, lefsebaking, sveler på ferja, gardsdyr – det som er kvardagskost for oss, er eksotisk for mange der ute, fortel Egorova.
‍

Ho understrekar at suksess i sosiale medium ikkje nødvendigvis handlar om fancy produksjonar eller dyre kampanjar, men om å treffa folk med enkle, ekte historiar.
‍

– Dei beste postane er ofte dei enklaste. Ein videosnutt av ein bonde som tek inn eple, ein kort tekst om kvifor me bruker ostehøvel i Noreg eller eit innlegg om torvtaket ditt, kan skapa enormt engasjement, seier ho.

Les også: Klimaet endrar seg – slik må reiselivet tilpassa seg

Tilpassa alle nivå

På Hardanger Next skal Egorova dela metodar og tips som er direkte overførbare til kvardagen. Ho understrekar at du ikkje treng å vera ein SoMe-ekspert for å få utbytte av foredraget og workshopen hennar.
‍

– Folk skrollar for å bli inspirerte, ikkje for å sjå reklame. Difor må me snakka med følgjarane våre, ikkje til dei. Kvar post bør ha éin klar bodskap: Ønskjer du at folk skal le, læra noko nytt eller bli inspirerte til å reisa? Då må innhaldet reflektera det, forklarer ho.
‍

Målet er å gje deltakarane praktiske råd som dei kan ta med seg heim og bruka med ein gong. Det handlar ikkje om å kopiera Visit Norway eller andre sin strategi, men å finna ein eigen stil som fungerer for di bedrift. Uavhengig om du driv eit lite hotell, ein fruktgard eller tilbyr guida turar i fjellheimen, vil du få hands-on-kunnskap om korleis du kan bruka sosiale medium meir strategisk og effektivt.
‍

– Samlingspunkt som Hardanger Next er veldig viktige. Me treng slike for å utveksla idear, få inspirasjon og ikkje minst snakka saman. Me kan ikkje fortelja alle historiene åleine, og desto viktigare er det med gode møteplassar. Me gler oss, avsluttar Egorova.
‍

Vil du læra korleis du kan løfta fram bedrifta di på sosiale medium? Bli med på Hardanger Next 26.-27. mars 2025 på Hardangerfjord Hotell i Øystese!

Her kan du bestilla billettar!

‍

Last ned