Frå sesongbasert til heilårsturisme: Kva skal til for å ta Hardanger til neste nivå? Det får du vita meir om på Hardanger Next.
Reiselivsnæringa i Hardanger har hatt ei eventyrleg utvikling dei siste åra, men med all vekst har det også kome nokre utfordringar. No står me midt i ei tid der utviklinga går fortare enn nokon gong, og konkurransen om gjestene blir tøffare i takt med åra. Hardanger er ein av dei mest kjende destinasjonane i Noreg, men me har framleis ein lang veg å gå før me er ein bærekraftig heilårsdestinasjon. Då treng me møteplassar der me kan byggja kompetanse, styrka samarbeidet og utvikla nye produkt saman. Dette er ein av fleire grunnar til at Hardanger Next vart etablert.
– Me vil skapa ein møteplass for auka kunnskap, nettverksbygging og utvikling av reiselivet i regionen. Dette skapa me då me oppretta Hardanger Next i fjor, seier reiselivsdirektør Andreas Skogseth.
Me fokuserer på å tilby bedriftene hands-on-kunnskap som dei kan ta i bruk i sin eigen organisasjon, samstundes som me løftar opp dei store spørsmåla og set fokus på korleis destinasjonen vår skal sjå ut i framtida. Dette både med tanke på bærekraft, heilårsturisme, bulyst og lokal verdiskaping, berre for å nemna noko.
– Alle føredragshaldarane er bransjeleiande innan sitt felt i Noreg, og dei kjem med konkrete råd og innsikt som er veldig relevante for næringa vår, seier Skogseth og legg til:
– Me er takksamme for alle dei dyktige foredragshaldarane og samarbeidspartnarane me har i vårt nettverk og som set av tida si til å dela kunnskapen og innsikta si med reiselivet under Hardanger Next.
Les også: Visit Norway: - Slik får du turistar til å stoppa opp i feeden din
Les også: Klimaet endrar seg – slik må reiselivet tilpassa seg
I tillegg til det faglege innhaldet, legg Hardanger Next stor vekt på nettverksbygging mellom reiselivsaktørane. Ein stor del av konferansen dreier seg om å finna vinn-vinn-situasjonar som gjer at me kan utvikla nye produkt slik at turisten kan verta lenger i regionen. Ein annan gevinst er at me får høve til å diskutera nye produkt og produktkombinasjonar som kan vera aktuelle i lågsesongane til Hardanger-regionen.
Reiselivet i Hardanger har eit enormt potensial, men for å utnytta det fullt ut, må me jobba meir samla. Hardanger Next er skapt for nettopp dette – for å finna felles mål, dela erfaringar og byggja kompetanse.
Me ser ein tendens der stadig fleire overnattingar vert lagt til storbyar, ikkje i Hardanger. Dette er ei problemstilling som næringa må ta stilling til. Blant anna for å jobba mot at Hardanger ikkje skal verta eit utstillingsvindauge for dagsturisme, men at me framstår som ein region der turisten opphelder seg i over lengre periodar, heile året, avsluttar Skogseth.
Hardanger Next vert arrangert 26.-27. mars 2025 på Hardangerfjord Hotell i Øystese. Meld deg på i dag og bli med på å forma framtida for reiselivet i Hardanger!