Paal Friele Grung veit betre enn dei fleste kva som får folk til å stoppa opp i feeden. No kjem han til Hardanger Next for å visa kva som faktisk fangar merksemda og fører til fleire gjester i døra.
Paal Friele Grung veit betre enn dei fleste kva som får folk til å stoppa opp i feeden. No kjem han til Hardanger Next for å visa kva som faktisk fangar merksemda og fører til fleire gjester i døra.
– I ei tid der alt kan gjerast perfekt, særleg med nye AI-verktøy, får det ekte og imperfekte meir verdi. Folk vil sjå noko dei kan relatera til og som dei faktisk kan oppleva sjølve, seier Paal Friele Grung.
Friele Grung jobbar i skjeringspunktet mellom reiseliv, historieforteljing og sosiale medium. Gjennom fleire år har han bygd opp store kanalar på Instagram og TikTok der han deler opplevingar, restaurantar og overnattingar frå Vestlandet med fylgjarane sine – alt med eit blikk for det ekte og nære.
Sjølv om mykje har endra seg gjennom åra, er det éin ting som står fast.
– Gode historiar har fungert i fleire hundre år. Det som er annleis no, er kanalane og korleis me fortel dei, seier Friele Grung og peiker på at det handlar om å skapa ein relasjon til dei som ser på.
– Du må få folk til å kjenna noko. Då stoppar dei opp, fortel han.
Les også: Når AI vel kva gjesten får sjå

Nydeleg utsikt og flott natur er framleis viktige trekkplaster, men det er ikkje nok i seg sjølv.
– Du må visa heile opplevinga. Kva skjer når eg kjem fram? Kva kan eg eta? Kva kan eg gjera? Det er dette folk tek stilling til, seier Friele Grung.
Eit godt hotellrom er lite verdt utan noko å gjera. Ein god aktivitet fell gjennom utan ein stad å eta eller bu. Ting må henga saman. Han peikar på at fleire har vorte flinkare til å visa dette heilskapleg, men at det framleis er mange enkeltaktørar som har ein veg å gå.
– Når ein aktør løftar fram naboen, enten det er eit gardsbakeri, ein siderprodusent eller ein aktivitet, så styrkar det heile opplevinga. Og når fleire gjer det same, kjem det alle til gode.
Kampen om merksemda er hardare enn før. Det som avgjer, er ofte små ting.
– Du har berre nokre få sekund. Då må du treffa med ein gong. Det handlar om historie, timing og kor lett det er å forstå det du prøver å formidla og visa fram, seier Friele Grung.
Han meiner mykje er gjort dersom ein vågar å by på seg sjølv og legg til rette for at historia kan forteljast på ein god måte.
– Det kan vera så enkelt som å visa fram det beste rommet, invitera inn på kjøkkenet eller dela historia bak ein rett. Små grep som gjer det lettare å formidla noko som folk faktisk bryr seg om.
Les også: Det unike som ikkje kan løftast fram - Sider som signatur for Hardanger
Visit Hardangerfjord har samarbeida med Friele Grung ved fleire høve, og erfaringane er tydelege. Når historia er god og opplevinga ekte, gjev det både auka merksemd og konkrete resultat for aktørane som er med.
Eit godt døme er Buer Restaurant, som opplevde stor etterspurnad etter eit besøk frå Friele Grung. Kvaliteten på maten er ein viktig del av forklaringa, men ikkje heile.
– Det handlar også om historia, vertskapet og måten det heile vert formidla og presentert på. Når gjestene får eit innblikk i kva som ligg bak og kven som står bak opplevinga, vert det meir enn berre ein stad å eta.
23. april deler Grung konkrete erfaringar frå fleire år med innhald og digitale kanalar med deltakarane på Hardanger Next: