Det unike som ikkje kan visast fram

Sider er blant dei sterkaste signaturprodukta til Hardanger. Men kva har ein eigentleg lov til å visa fram? På Hardanger Next får du vita kva som er lov.

Sider frå Hardanger er noko av det mest unike regionen kan skilta med. Likevel er det nesten umogleg å marknadsføra det. Eller er det verkeleg slik? På Hardanger Next får du læra meir om kva som er lov og kvar grensa går.

– Det finst utruleg mykje god sider på Vestlandet. Hardanger er flaggskipet, men ein har også solide produkt i fleire andre regionar. Det burde vore ein naturleg del av reiselivsproduktet me sel, men handlingsrommet for å løfta det fram er utruleg lite, seier Erik Aasen i Fjord Norge.

Dette gjeld ikkje berre siderprodusentar, men alle som jobbar med opplevingar, servering og marknadsføring i reiselivet.

Unikt produkt, strenge rammer

Sider frå Hardanger er meir enn eit heilt vanleg produkt. Det er tradisjon, kultur og historia til regionen. Likevel er det nettopp dette ein i liten grad har lov til å løfta fram i marknadsføringa. Det gjer det utfordrande for siderdestinasjonen Hardanger å nå ut i den internasjonale marknaden.

– Med ein gong ei sidersmaking eller eit gardsbesøk ser kjekt ut, er det mest truleg ulovleg. Ting blir veldig fort tolka som reklame, seier Aasen.

I Noreg er det nemleg eit totalforbod mot alkoholreklame. Det inkluderer også bruk av alkohol i marknadsføring, sjølv når målet er å visa ein stad eller ei oppleving.

Les også: Når AI vel kva gjesten får sjå

Difor virkar regelverket uklart

Mange i reiselivsnoreg opplever regelverket som både strengt og vanskeleg å forstå. Ein viktig grunn er at det blir handheva ulikt. Lokalt møter ein gjerne kontrollørar med kjennskap til aktørane og vurderer situasjonar meir heilskapleg. Samstundes må destinasjonsselskap og større aktørar forhalda seg til Helsedirektoratet, som tolkar regelverket meir bokstavleg.

– Det som kan bli akseptert lokalt, kan bli sanksjonert nasjonalt. Då er det ikkje rart at mange blir usikre, seier Aasen og peikar på at små nyansar kan avgjera om noko er lov eller ikkje.

– Du kan informera om ein sidertur. Men for å seia det litt flåsete - med ein gong du legg til eit adjektiv, er du over i reklame.

Ei utfordring - ikkje berre i Hardanger

Konsekvensen er ikkje berre usikkerheit, men også mindre synlegheit. Internasjonalt konkurrerer Hardanger mot destinasjonar som fritt og heilt lovleg kan visa fram både produkt og opplevingar.

– Ein har Italia og Frankrike som begge kan visa både stemning og produkt. Frå Noreg ser du stort sett eple på eit tre og naturen i regionen. Du ser ikkje sideren eller kva du faktisk kan oppleva, seier Aasen.

Dermed blir det vanskeleg å bygga ei tydeleg forteljing rundt noko av det mest unike Hardanger har å skilta med.

23. april kjem Aasen til Brakanes Hotel for å gje deltakarane på Hardanger Next ei praktisk innføring i:

Meld deg på i dag og bli med på å forma framtida for reiselivet i Hardanger.

Last ned