Andreas Skogseth
,
Visit Hardangerfjord
Sjur Vågen
,
Visit Hardangerfjord
Kva skjer når ein gjest spør AI om overnatting med fjordutsikt i Hardanger? AI endrar korleis folk søkjer, samanliknar og bestiller, og påverkar både Google, Booking.com og kven som blir valt. Når AI viser færre alternativ, blir det viktigare å vera tydeleg og lett å forstå. I denne workshopen ser me på: - Korleis søk og bestilling er i endring - Kva som skjer med plattformane - Kva du kan gjera for å bli synleg og anbefalt.
Christer Økland, Fjord Tind Hotels
,
TBA
,
Mat og sider er eitt av Hardanger sine tydelegaste fortrinn. Spørsmålet er korleis vi gjer det til ein meir medviten del av reiselivsproduktet, slik at det faktisk gir auka betalingsvilje, meir heilårig trafikk og ein tydelegare profil i marknaden. I denne workshopen, leia av Christer Økland, jobbar vi praktisk med korleis Hardanger kan ta ein sterkare kulinarisk posisjon gjennom betre produktutvikling og pakketering. Vi ser på korleis sider og lokalmat kan inngå i bookbare opplevingar som er enkle å forstå, enkle å kjøpe og relevante for nye internasjonale segment. Fokuset er samarbeid i verdikjeda: produsent, servering, overnatting og aktivitet. Målet er å peike ut konkrete konsept, tydelege koplingar og neste steg for kommersialisering, slik at mat og sider blir ein motor for posisjonering og heilårig verdiskaping i Hardanger.
Torill Olsson
,
Mimir AS
Margit Lund Mikkelson, Visit Hardangerfjord
,
I arbeidet med den regionale reiselivsstrategien for Hardanger inviterer vi til ein workshop om kva for gjester Hardanger skal prioritera framover, og korleis vi kan skapa gode gjestereiser på naturen og lokalsamfunnet sine premiss. I workshopen jobbar vi med konkrete skildringar av ulike typar gjester, såkalla "personas", for å diskutera: - kva for gjester som passar kvar og når i Hardanger - kva dei ønskjer å oppleva, og kva behov dei har - korleis vi kan kommunisera på ein måte som gjer at dei vel Hardanger, blir nøgde med det dei opplever, og dermed blir gode ambassadørar for oss - kva dette betyr for besøksforvalting, verdiskaping og heilårigheit Workshopen er praktisk, dialogbasert og open for alle. Det er ikkje krav om forkunnskapar.
Irene Schrøder
,
Visit Hardangerfjord
Slik bruker du AI smart uten å miste din egen stemme Sosiale medier krever tempo og kontinuitet. AI kan hjelpe, men bare hvis du styrer den riktig. I denne laben produserer vi konkret innhold på kort tid. Målet er at du skal gå ut med fem poster som kjennes ekte, er lokalt forankret, og kan publiseres direkte eller finpusses raskt. Vi jobber praktisk med hvordan du bruker AI til idé og produksjon uten at teksten blir generisk, hvordan du beholder tone og troverdighet, og hvordan du vinkler innhold som faktisk skaper oppmerksomhet og engasjement. Ta med egen PC. Dette er en produksjonsøkt.
TBA
,
TBA
,
Transport er ikkje berre ein føresetnad for reiselivet. Riktig brukt kan han bli sjølve produktet som bind opplevingar saman, gjer Hardanger enklare å reise i og opnar for nye rundreiser. Turistbåtruta 2026 og annan infrastruktur gir eit konkret utgangspunkt, men verdien kjem først når det blir gjort om til salbare og bookbare pakkar. I denne workshopen jobbar vi praktisk med korleis transport kan integrerast i verdikjeda, og kva som må på plass for at gjesten skal oppleve ei heilskapleg reise frå A til B til C. Vi ser på korleis ein kan byggje pakkar som koplar transport, overnatting, aktivitet og servering, kva barrierar som står i vegen i dag, og kven som eig heilskapen i tilbodet. Målet er å peike ut konkrete koplingar og 2–3 pilotidéar som kan testast i 2026.
Paal Friele Grung
,
Reisande finn, vurderer og vel opplevingar direkte i kanalane. Derfor må influencer- og creator-samarbeid byggjast inn i heile kommunikasjonsplattformen, ikkje som eit enkelt stunt. Ellen Homstad deler korleis ho jobbar som creator i skjeringspunktet mellom historieforteljing og kommersiell effekt, og kva som skil samarbeid som blir opplevde som truverdige frå samarbeid som berre blir «innhald». Dette er ei arbeidsøkt der deltakarane jobbar med eigne case: kven de vil nå, kva de vil oppnå (synlegheit, trafikk, booking), og korleis innhald kan forsterka Hardanger sin posisjon samstundes som det bidreg til lokal verdiskaping og sesongutviding. Du går ut med ein enkel plan for eit konkret samarbeid: mål, segment, innhaldsgrep, distribusjon og korleis de måler effekt utover likes.
Andreas Skogseth
,
Visit Hardangerfjord
Hardanger Next opnar i eit reiseliv som er i rask endring: teknologi og AI flyttar makt i verdikjeda, gjesten sine forventningar skjerpast, og krava til berekraft, kapasitet og kvalitet blir meir konkrete – ikkje berre fine ord. Samstundes ligg det store moglegheiter i å ta styring: betre heilskap i produkt og oppleving, meir presis marknadsføring, smartare drift og tydelegare prioriteringar. "Destinations that Matter" handlar om å byggja reiseliv som betyr noko – for gjesten, for lokalsamfunnet og for verdiskapinga over tid.
Audun Pettersen
,
Visit Norway/Innovasjon Noreg
Nasjonal retning, marknadsinnsikt og strategiske prioriteringar. Korleis utviklar etterspurnaden seg i norsk reiseliv – og kva for marknadstrendar vil prege åra framover? Kva viser turistundersøkingane om motivasjon, segment og betalingsvilje? Og kva for prioriteringar ligg til grunn for den nasjonale satsinga gjennom Visit Norway? Audun Pettersen, leiar for reiselivsutvikling i Visit Norway / Innovasjon Noreg, gir eit oppdatert bilete av marknad, innsikt og strategisk retning. Han peikar på kva som blir viktig i samspelet mellom nasjonalt nivå og destinasjonane – og kva som krevst for å styrkje Noregs konkurransekraft i ei tid prega av auka internasjonal konkurranse, endra reisevanar og høgare forventningar til berekraft og kvalitet.
Cure
,
Visit Hardangerfjord
,
Nytt kreativt konsept! Hardanger er ikkje inspirert av eventyr. Eventyra er inspirerte av Hardanger. Det nye kommunikasjonskonseptet byggjer på Hardanger sitt reelle opphav i folklore, kultur og landskap, og gjer naturen større og menneska viktigare. I dette innlegget presenterer vi eit kreativt rammeverk som kan brukast på tvers av flater og marknader: eit tydeleg «eventyrspråk», ein fast forteljarlogikk der gjesten er helten og hardingen er vegvisaren, og ein struktur som gjer det lettare å få fleire til å bli lenger og kome tilbake gjennom året.
Margit Lund Mikkelson, Visit Hardangerfjord
,
Torill Olsson
,
Mimir AS
Den regionale reiselivsstrategien for Hardanger nærmar seg ferdigstilling og blir lagd fram i slutten av mai. Under Hardanger Next blir status i arbeidet og dei sentrale prioriteringane presenterte før den endelege handsaminga. Global velstandsvekst gjer at det blir anslått at talet på internasjonale reisande aukar med 60 % fram mot 2040. Digitalisering fører til nye reisemønster og nye forretningsmodellar, samstundes som kravet om god forvalting blir stadig viktigare. Den nye strategien skal visa korleis Hardanger i denne situasjonen kan styrkja konkurransekrafta si som internasjonalt reisemål på ein måte som òg gir forsvarleg naturbruk og attraktive lokalsamfunn. Foredraget gir ei gjennomgang av hovudlinjene i strategien, bakgrunnen for dei viktigaste prioriteringane og kva for resultat ein ønskjer for utviklinga av reiselivet i Hardanger framover.
Elisabeth Wesenlund Hauge, Buer
,
Buer Restaurant vart etablert med ein tydeleg ambisjon: å byggja eit high-end konsept frå første dag, og å satsa heilårig i ein region prega av sterke sesongvariasjonar. I dette foredraget deler Elisabeth erfaringane frå å starta og utvikla ei verksemd i Hardanger. Korleis har vegen vore frå idé til drift? Kva moglegheiter og barrierar møter ein når ein etablerer eit ambisiøst konsept i distrikta? Og kva krevst for å byggja noko som både er fagleg sterkt og økonomisk berekraftig over tid? Foredraget gir innsikt i kva som ligg bak eit tydeleg produktval, korleis risiko blir handtert i eit sesongprega marknad, og kva som må til for å satsa heilårig på kvalitet, kompetanse og samarbeid. Samstundes blir blikket løfta framover: Korleis kan slike etableringar bidra til å styrkja Hardanger si samla attraktivitet og verdiskaping i åra som kjem.
Erik Aasen
,
Fjord Norge
Moglegheitsrommet i alkohollova for smaking, formidling og synlegheit - Sider frå Hardanger er ei verna geografisk nemning og ein av regionen sine sterkaste signaturar. For produsentar og reiselivsaktørar er sider difor meir enn eit serveringsprodukt. Det er ein del av opplevinga, historia og identiteten til Hardanger. Samtidig er regelverket for alkoholreklame strengt, og grensa mellom lovleg formidling og ulovleg marknadsføring kan vere vanskeleg å tolka, særleg i eigne kanalar, samarbeid og digitale flater. I denne sesjonen, leia av Erik Aasen frå Fjord Norge, får du ei praktisk innføring i kvifor reglane er som dei er, kvifor handhevinga kan opplevast ulikt, og kva som faktisk er lov. Det blir spørsmål og svar, diskusjon og konkrete døme frå næringa, og ei kort demonstrasjon av «alkolov GPT» som støtte i kvardagen. Målet er å gjera aktørane tryggare på rammene, slik at sider kan brukast smart og strategisk i reiselivsproduktet til Hardanger, utan å trø feil.
Hans Inge Myrvold, Næringshagen i Ullensvang
,
Menneska er vår viktigaste ressurs. Alle framskrivingar og utgreiingsarbeid synleggjer eit stort underskot på human kapital dei neste tiåra. Korleis kan me arbeide saman om å nå dei rette folka, til rett tid til dei viktige oppgåvene i regionen vår? I sesjonen blir også dei ferske funna frå Visit Hardangerfjord si kartlegging av arbeidskraft- og kompetansebehov i reiselivet presenterte. Undersøkinga gir eit oppdatert bilete av situasjonen i Hardanger – og peikar på kvar utfordringane er størst. Næringshagen i Ullensvang har over tid jobba med rekrutteringsprosjektet «Vikallar». No er tida inne for å ta verktyet i bruk – og gå frå erkjenning til handling.
TBA
TBA
,
Norsk reiseliv har vorte ei av dei største eksportnæringane i landet. Den internasjonale etterspurnaden aukar, og interessa frå finansielle miljø er sterkare enn før. Samstundes blir det stilt høgare krav til lønsemd, struktur og styring. Kva betyr dette for Hardanger? Sparebanken Norge deler perspektivet sitt på kapital, risiko og utvikling i reiselivet. Kva ser ein etter når nye prosjekt blir vurderte? Kva blir oppfatta som robust, og kva inneber for høg risiko? Og korleis må eit reiselivsprosjekt riggast for å vere finansierbart i dag? Innlegget gir eit finansielt blikk på moglegheitene i regionen og utfordrar aktørane: Er det neste prosjektet ditt bygd for både vekst og kontroll på risiko?
Paal Friele Grung
,
TBA
TBA
,
Korleis byggjer vi eit Hardanger som er meir samanhengande, meir robust og betre rusta for framtida?Mot 2030 vil konkurransekrafta til destinasjonar i aukande grad handla om meir enn marknadsføring og enkeltståande opplevingar. Ho vil handla om kor godt ein region fungerer som heilskap – gjennom tilgang, flyt, samspel og kvalitet.I denne bolken ser vi på kva som må til for å utvikla Hardanger som ein sterkare heilårsdestinasjon fram mot 2030. Tema er mellom anna infrastruktur, kollektivløysingar, lågsesong, betre kopling mellom tilbod i regionen og fjorden si rolle som transportåre og oppleving. Sesjonen består av innlegg og blir avslutta med ein paneldebatt om strategiske prioriteringar, vegval og moglege pilotar for framtida.
Atterhald om endringar i programmet kan førekoma. Deltakarane vert haldne oppdaterte undervegs.