Om hotellet

I år går Hardanger Next av stabelen på ærverdige Brakanes Hotel, idyllisk plassert ved fjordkanten i Ulvik.

Det historiske hotellet har lange tradisjonar for å samla folk til gode møter og samtalar, og kombinerer moderne konferansefasilitetar med ein varm og personleg atmosfære. Her kan ein starta dagen med utsikt over Hardangerfjorden, ta ein pause i hotellhagen eller senka skuldrane i uteområdet med boblestamp og badstove heilt i fjordkanten.

Kjøkenet har eit sterkt fokus på lokale og regionale råvarer, og i sesongen nyttar kjøkenet ferske grønsaker og urter frå nærområdet. Frå restauranten “Draumen” er det flott utsikt til fjorden, og det dedikerte vertskapet sørger for gode smaksopplevingar gjennom heile Hardanger Next, frå frukost og pausemat til lunsj og festmiddag. Alt ligg til rette for å skapa ei ramme som inspirerer til både fagleg påfyll og gode samtalar.

Me gler oss til å samla nye og kjende fjes på Brakanes Hotel, den perfekte ramma for neste utgåve av Hardanger Next.

Overnatting fra 22.-23.april med frukost bestiller du direkte hos hotellet:

  • Enkeltrom inkl. frukost: kr 1 595 per person
  • Dobbeltrom inkl. frukost: kr 1 995 per person

Bestilling: Send e-post til brakanes@fjordtindhotels.no og oppgi at du deltek på Hardanger Next 2026.