Hardanger Next er Hardanger si årlege møteplass for reiseliv som vil framover – meir lønsamt, meir berekraftig og betre rigga for endring. Her samlar me aktørar, kommunar og kunnskapsmiljø for å dela innsikt, byggja samarbeid og setja retning for utviklinga av reiselivet i regionen.
Konferansen starta som ein pilot i 2024 og vart vidareutvikla i 2025. I 2026 tek me eit tydeleg steg vidare med nytt format og meir konkret arbeid. Under temaet Destinations that Matter ser me på korleis reiseliv heng saman med strategi, infrastruktur, verdiskaping og lokalsamfunn – og kva som faktisk må til for å utvikla ein destinasjon som er robust og relevant over tid.
Nytt i 2026 er ein eigen workshopdag med parallelle spor og arbeidsøkter, der målet er å gå frå innsikt til tiltak. Her jobbar me mellom anna med AI og distribusjon, posisjonering av mat og sider og SoMe-strategi. Konferansedagen løftar dei større linjene, med nasjonale perspektiv, regional retning og samtalar om investeringar, kompetanse og heilårsutvikling.
I 2026 møtest me på Brakanes Hotel i Ulvik – ved fjordkanten, med gode rammer for fag, dialog og nettverk. Hardanger Next skal gi deltakarane noko å ta med heim: betre vurderingar, høgare ambisjonar og ei tydelegare felles retning.