Dette gjer reiselivsprosjekt meir finansierbare

Mange i reiselivet sit på gode idear, men manglar kapital til å realisera dei. På Hardanger Next får du vita kva bankar og investorar ser etter.

Mange i reiselivet sit på gode idear, men manglar kapital til å få dette realisert. På Hardanger Next vil Sparebanken Norge gje nokre tips på kva ein bank og andre potensielle investorer vurderer for å gje finansiering til eit prosjekt.

Reidun Skålheim Solberg, Sparebanken Norge

– Reiselivet i Hardanger-regionen har eit stort potensial. Det er ei viktig næring der me som lokalbank ønskjer å bidra med finansiering til gode prosjekt som kan utvikla regionen, seier Reidun Skålheim Solberg og Eirik Sundström Vevatne i Sparebanken Norge.

Frå idé til investerbart prosjekt

Reiselivet har vorte blant dei største eksportnæringane Noreg kan skilta med. Den nasjonale og internasjonale etterspurnaden aukar i takt med åra, og interessa er sterkare enn nokon gong. Samstundes vert det stilt høgare krav til lønsemd, struktur og styring enn før.

‍

Kva betyr dette for alle aktørane i regionen som sit på gode idear? Det vil dei to kollegane Sparebanken Norge fortelja meir om på Hardanger Next 22. - 23. april i Ulvik.

‍

– For å få realisert ein god ide, må heilskapen i prosjektet kome tydeleg fram. Kontantstraum, eigenkapital, risiko og gjennomføringsevne er alle døme på avgjerande faktorar.

‍

Les også: Det unike som ikkje kan løftast fram - Sider som signatur for Hardanger

‍

Eirik Sundström Vevatne, Sparebanken Norg

Det er summen som sel

Og nettopp dette med heilskap, er ein raud tråd for både Sparebanken Norge og reiselivet. For i denne bransjen, står produkta sjeldan godt heilt åleine. Det trengs eit utval av t.d. ulike overnattingsaktørar, aktivitetar, attraksjonar og restaurantar for å skapa ein attraktiv destinasjon og ei samla oppleving for turistane.

‍

– Prosjekt som heng godt saman med resten av tilbodet i områda rundt, står ofte sterkare marknadsmessig og lønnsomheitsmessig.

‍

Les også om foredraget til Paal Friele Grung

Ein arena for samarbeid

Samarbeid og dialog er viktige grunnar til at Agenda Vestlandet, stiftinga til Sparebanken Norge. støttar Hardanger Next.

‍

– Hardanger Next samlar mange aktørar, og me vil byggja opp under slike viktige møteplassar, seier Solberg og Sundström Vevatne.

‍

Under innlegget sitt 23. april vil dei dela konkrete perspektiv på:

Meld deg på i dag og bli med på å forma framtida for reiselivet i Hardanger!

‍

Last ned