B2B
I forkant av NTW (Norwegian Travel Workshop) hadde me, i samarbeid med Fjord Norge ein visningstur i indre Hardanger.
Helga før NTW hadde me ein PREtur i samarbeid med Fjord Norge og Innovasjon Norge, (med god hjelp frå Ulvik og Eidfjord) der me tok i mot 13 internasjonale turoperatørar som fekk oppleve Ulvik og Eidfjord. På veg innover fjorden stoppa me ved Steinsdalsfossen. Vel framme i Ulvik fekk dei sjekke inn på Brakanes Hotel og fekk lunsj der før turen gjekk vidare opp til Hardanger Saft og Siderfabrikk på Lekve. Her fekk me smake eplemost og alkoholfri sider til eit godt stykke eplekake.
Turoperatørane vert særs begeistra for omvising og lærdom om korleis ein produserer eplemost og sider i Hardanger på både små og store frukt-gardar.
Om ettermiddagen fekk me omvising i kyrkja i Ulvik sentrum, dette var også noko dei fann interessant, Interiøret i kyrkja er rikt dekorert av Lars Osa i 1921-1923, med rosemåling og har mellom anna måla evangalistar i koret. Tilbake på Brakanes hotel fekk gjestane oppleve ein liten konsert av Alexander Aga Røynstrand. Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet og kan smykke seg med tittelen meisterspelemann. På Landskappleiken i 2019 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal.

Etter konserten fekk både Ulvik og Eidfjord presentere seg ved Mona Hellesnes og Marit Stadheim. Dei informerte om kva ein kan gjere i bygdene og kva bygdene er kjende for, mellom anna flotte turar i fjellet (som Oksen og Kjeåsen) med makalause utsiktspunkt.
Kvelden vart avslutta med flott middag i den eldste og mest historiske delen av restauranten på Brakanes Hotel, maten var utsøkt og servicen var makalaus. Gjestene var særs nøgde med heile opplevinga. Det var også song og underhaldning under middagen.

Dagen etter var det tidleg frukost før avreise med RIB (Hardangerfjord Adventure og Hardanger Fjordsafari) frå Ulvik til Eidfjord. Det var relativt mykje vind denne dagen så nokon av turoperatørane fekk seg ei eksotisk oppleving med sjøsprøyt.

I Eidfjord skein sola og turen gjekk opp til Vøringsfossen, her fekk turoperatørane sjå både snø og fossefall. Opplevinga falt absolutt i smak hjå gjestene våre, dei vart imponerte av både landskapet generelt og ikkje minst sjølve fossefallet.

Me besøkte Norsk Natursenter og fekk mykje god historie, i tillegg til ein deilig lunsj i Hardangerviddehallen. Turoperatørane vart imponert over filmen som viser norsk natur og dyreliv på sitt beste.

Då me kom ned att i sentrum av Eidfjord fekk me guida tur i området, det var frisk vind, men det var godt å bevege seg litt. Det var ein blid gjeng å ha med seg på tur.

Etter spaserturen i sentrum fekk me omvising på Vøringfoss hotel, der var det bryllaup, så turoperatørane fekk sjå nokre av gjestene i bunad. Me fekk også omvising i Galleri Bergslien der Arild B Nielsen spelte på neverlur for oss, i tillegg til eit par fløyter, det var fint å høyre på og turoperatørane var begeistra! Etter dette måtte dei køyre tilbake til Bergen før me alle skulle vidare til Lofoten på NTW dagen etterpå. Turoperatørane fortalde at dei følte dei fekk sjå mykje av Hardanger på kort tid, så dei var særs nøgde