B2C

Er omtalen din klar for 2027?

Turistane har alt byrja å planleggja neste sommar. Sjå over omtalen din hjå oss no, ikkje rett før sesongstart.

Sjur Vågen
24.11.26

Er omtalen din klar for 2027?

Mange turistar spør ikkje lenger berre Google. Dei spør KI-tenester som ChatGPT, på same måte som dei ville spurt i ein turistinformasjon: «Når byrjar blomstringa i Hardanger?» Tenesta svarar med ein gong, men ho kan berre svara med det ho har lese på nettet.

Kvifor dette er viktig

Spør du tre naboar om det same og alle gjev same svar, trur du på dei. KI-tenestene fungerer på same måte. Når dei finn bedrifta di omtala med same informasjon fleire stader, er det tryggare for dei å føreslå deg.

Som medlem hjå oss står du ikkje berre på hardangerfjord.com. Omtalen din blir også vist på Visit Norway og Fjord Norway. Det er nettopp slike sider KI-tenestene ofte hentar svara sine frå.

Mange får svaret rett i KI-tenesta og klikkar aldri vidare. Dei som klikkar, er verkeleg interesserte. På hardangerfjord.com går dei vidare til bedrifta sine eigne sider tre gonger så ofte som andre besøkjande. Men det betyr også at svaret turisten får, ofte er det einaste han ser om deg. Då må det vera rett.

Vil du vita meir om korleis KI endrar måten turistane finn oss på? Les saka om nettrafikken i endring.

Dette ber me deg om

Sjå over omtalen din på hardangerfjord.com, og send oss det som må endrast:

  1. Stemmer teksten?
  2. Har sesongen eller opningsperioden endra seg?
  3. Er det noko nytt til 2027-sesongen?
  4. Fungerer lenkja til nettsida og bookinga?
  5. Er telefon og e-post rett?
  6. Har du nye bilete? Send ekte bilete frå staden, ikkje KI-genererte. Skriv kven som har teke dei, og at me kan bruka dei. Store filer sender du som nedlastingslenke, til dømes med WeTransfer eller Dropbox.

Fire ting du kan gjera sjølv

  • Hald prisar og opningstider oppdaterte på eiga nettside. Der finn både turistane og KI-tenestene dei, og me lenkjer dit frå omtalen din.
  • Sjekk Google-profilen din, altså boksen som kjem opp når du søkjer på namnet ditt. Stemmer adresse, opningstider og bilete?
  • Svar på omtalar på Google og Tripadvisor. Det viser at du er aktiv, og gjev meir informasjon om deg.
  • Bruk same namn, adresse og telefonnummer overalt. Ulike opplysningar gjer turistane og KI-tenestene usikre.

Send oss oppdateringane før jul eller i januar

Du kan senda oss oppdateringar heile året. Men dei fleste gjer det rett før sesongen startar, og då er det ofte for seint, for mange turistar har alt planlagt turen. Send oss oppdateringane før jul eller i januar, så er du klar når dei byrjar å søkja.

Ta kontakt med Sjur Vågen på sjur@hardangerfjord.com eller 975 02 497.

Last ned

Andre innlegg