B2C
Hardanger og Vestland er kåra til eitt av 25 reisemål i National Geographic si «Best of the World 2027»-liste.
Hardanger og Vestland er kåra til eitt av 25 reisemål i National Geographic si «Best of the World 2027»-liste. Hardangerfjorden, Folgefonna nasjonalpark og Trolltunga er blant stadene som vert trekte fram. Visit Hardangerfjord var raskt ute med å dela nyheita i sosiale medium, og responsen har vore stor.
National Geographic har presentert si årlege liste over reisemål dei meiner ein bør oppleva i året som kjem. Vestland er eitt av 25 utvalde reisemål frå heile verda, og i omtalen vert Hardangerfjorden, Folgefonna nasjonalpark og Trolltunga løfta fram som døme på dei storslåtte naturopplevingane regionen har å by på.
Å verta trekt fram av ein internasjonal aktør som National Geographic er verdifullt for Hardanger. Omtalen bidreg til å setja regionen på kartet hos reisande frå heile verda, og kan skapa interesse for både dei kjende attraksjonane og breidda av opplevingar, overnattingstilbod og lokale reiselivsaktørar.

Då nyheita vart publisert, var Visit Hardangerfjord raskt ute med postar i sosiale medium, medan ho framleis hadde høg nyheitsverdi.
Både Fjord Norway og Visit Norway engasjerte seg i publiseringa, noko som bidrog til at innhaldet nådde ut til eit langt større publikum.
Resultatet vart over 100 000 visningar og fleire hundre lagringar. Det viser korleis ei aktuell nyheit, kombinert med rask publisering og samarbeid på tvers av destinasjonsselskapa, kan skapa stor synlegheit for Hardanger.
Lagringane er også interessante. Dei kan tyda på at innhaldet ikkje berre fangar merksemda der og då, men at fleire ynskjer å ta vare på informasjonen til seinare reiseplanlegging.
Visit Hardangerfjord er no i gang med å produsera ein eigen inspirasjonsartikkel til Hardangerfjord.com, der omtalen frå National Geographic vert knytt til opplevingar og reisemoglegheiter i regionen.
Målet er å gjera det enkelt for reisande som vert inspirerte av omtalen, å utforska meir av Hardanger og planleggja eit opphald. Slik kan merksemda rundt dei kjende attraksjonane også koma andre reiselivsaktørar i regionen til gode.
Omtalen vil verta brukt vidare i marknadsføringa av Hardanger fram mot 2027, både gjennom eigne kanalar og i samarbeid med regionale og nasjonale partnarar.
Les meir: