B2C
Nærare 100 shoots, 600 publiseringar og 2,8 millionar organiske visningar – slik har me jobba med innhald i sommar.
Content er blitt ei av dei største satsingane til Visit Hardangerfjord, og me legg ned betydelege ressursar i dette arbeidet. I denne saka gjer me opp status for sommaren – kva som er produsert, korleis det blir brukt, og kvifor me jobbar slik me gjer.
Frå mai til starten av september har Visit Hardangerfjord gjennomført nærare 100 enkeltshoots. Resultatet er ei omfattande mengd nytt foto- og videoinnhald frå medlemmer, opplevingar og reisemål over heile regionen.
Foto og video er grunnlaget for store delar av marknadsføringa av Hardanger. Det me produserer finn vegen til Hardangerfjord.com og sosiale medium, men også til presse, kampanjar, trykksaker og samarbeid med Fjord Norway, Visit Norway og andre partnarar. Difor produserer me både for behova me har akkurat no, og for marknadsføringa som skal skje månader og år fram i tid.
Produksjonstempoet har vore høgt gjennom vår og sommar, og ein produksjonsdag kan innehalda fleire separate shoots for ulike medlemmer, produkt og stader.
Bak tala ligg alt frå større produksjonar med profesjonelle fotografar til mindre, raske produksjonar gjennomførte av vårt eige team. Me har også jobba med både kjende og nye innhaldsprodusentar og influensarar.

Variasjonen er stor. I mai produserte me nytt blømingsinnhald frå Lofthus, Kinsarvik og Sørfjorden, i tillegg til natur, aktivitetar og medlemmer frå mellom anna Ulvik, Eidfjord, Husedalen og Bondhusvatnet. Gjennom sommaren har kamera vore med vidare til mellom anna Rosendal, Hardangervidda, Vøringsfossen, Trolltunga og Hardangerfjorden – samtidig som ei lang rekkje hotell, serveringsstader, kulturaktørar og aktivitetstilbydarar har fått nytt innhald.
Produksjonane omfattar alt frå landskap og aktivitetar med modellar til hotell, mat, kultur, nye produkt og aktuelle hendingar.

Timing betyr ikkje alltid publisering med ein gong. Då fruktbløminga stod på sitt finaste i mai, produserte me samtidig materiale som først og fremst skal styrkja marknadsføringa av våren 2027. Slik byggjer me ein innhaldsbank som gjer at Hardanger kan marknadsførast med ferskt og relevant materiale lenge før den aktuelle sesongen startar.
Andre gonger går vegen frå kamera til publisering svært raskt. Då Utne Hotel fekk Olavsrosa, følgde me opp med foto, artikkel på Hardangerfjord.com og innhald i sosiale medium. Bryllaupet på Trolltunga er eit anna døme på korleis me kan vera raskt på plass når ei aktuell historie oppstår.
Verdien av produksjonen stoppar ikkje når bileta er leverte. Materialet blir lagt inn i ein stadig større innhaldsbank og kan nyttast på tvers av nettside, sosiale medium, annonsering, kampanjar, presse og samarbeid. Eit bilete produsert for Hardanger i sommar kan dermed dukka opp i ein Visit Norway-kampanje, på Hardangerfjord.com, i sosiale medium eller hos ein internasjonal presseaktør seinare.
Nærare 100 shoots betyr difor ikkje berre mykje nytt innhald. Det betyr at me står betre rusta til å skapa synlegheit for Hardanger og medlemmene våre – når moglegheitene oppstår.

Sosiale medium er ein sentral del av arbeidet med å halda Hardanger synleg og relevant gjennom sesongen. Frå 1. mai til 8. september har innhaldet på Instagram generert 2,8 millionar organiske visningar. I same periode har Visit Hardangerfjord publisert 500 Stories og 92 innlegg og reels.
Stories er ein viktig del av den løpande aktiviteten. Her kan me raskt dela aktuelt innhald, løfta fram medlemmer og samarbeidspartnarar og visa breidda av det som skjer i Hardanger gjennom høgsesongen.

Noko av styrken med sosiale medium er nettopp moglegheita til å vera aktuell. Nye produkt, arrangement og gode historier kan løftast fram medan dei skjer og interessa er størst. I sommar har me mellom anna jobba tett med Visit Norway om å løfta fram nye Smak av Hardanger, som kombinerer segltur med S/J Mathilde, Aga Sideri og Utne Hotel. Me har også jobba med Sykkeldagen i Jondal og laga innhald der Lothepus deler sine eigne favorittar i Hardanger.
Samtidig følgjer me med på trendar og moglegheiter som kan gi Hardanger relevant synlegheit. Då Visit Norway jobba med den internasjonale RO-trenden, bidrog me med innhald frå regionen.
Ein viktig del av SoMe-arbeidet skjer utanfor våre eigne kanalar. Gjennom tett samarbeid med Visit Norway og Fjord Norway kan historier frå Hardanger nå langt større nasjonale og internasjonale målgrupper. Ein vårtur med Espen og Silje frå Fjord Norway er eitt døme. Gjennom turen blei ei rekkje opplevingar og aktørar løfta fram, frå Brakanes Hotel og bløminga langs Sørfjorden til Dronningstien, Hardanger Shuttlebus og aktivitetar rundt Trolltunga.
Samarbeidspostar, deling og godt samspel med større partnarar er med på å gi innhald frå Hardanger eit liv langt utover våre eigne kanalar.

Gjennom sesongen har me også lagt til rette for fleire målretta samarbeid med norske og internasjonale innhaldsprodusentar. Paal Grung har vore på fleire turar i Hardanger, med alt frå Galleri Iversen, Hardangerfjord Adventures og Uni Sushi til Buer Experience, Buer Restaurant, Jaunsen Gjestgjevarstad og Vikinghaug på programmet. Me har også hatt besøk av internasjonale reiseprofilar, mellom anna det tyske paret Achtsamertag.
Slike samarbeid blir planlagde og følgde opp av Visit Hardangerfjord, med mål om å skapa godt innhald og relevant synlegheit for både enkeltaktørar og regionen som heilskap.
Mobiltelefonen er blitt det viktigaste utstillingsvindauget for reiselivet, og sosiale medium er no den viktigaste kjelda til reiseinspirasjon for stadig fleire målgrupper. Det er der gjestene oppdagar Hardanger, lenge før dei opnar ei bookingside. Innhald av høg kvalitet og relevans byggjer merkevareverdi og reiselyst, og det same innhaldet er i aukande grad grunnlaget for synlegheit i søk og AI-tenester.
Like viktig er konsistensen. Marknadsforskinga viser at merkevarebygging verkar kumulativt, det fagfolk kallar «the power of consistency» og «compounding effect». Kvar publisering byggjer på den førre, gjer merkevaren lettare å hugsa og gjev betre effekt av kvar krone over tid (sjå m.a. Binet & Field og Ehrenberg-Bass-instituttet). Difor jobbar me strategisk og langsiktig med innhald, ikkje kampanje for kampanje, men som eit kontinuerleg arbeid som skal gjera Hardanger synleg år etter år.
Stor rekkevidde er bra, men målet er ikkje berre at folk skal sjå Hardanger i feeden. Sosiale medium skal skapa reiselyst og samtidig gjera det enkelt å gå vidare til meir informasjon, planlegging og dei konkrete opplevingane i regionen. Difor jobbar me aktivt med koplinga mellom SoMe, Hardangerfjord.com, medlemmer og samarbeidspartnarar. Godt innhald skal ikkje berre stoppa tommelen, det skal også gjera vegen vidare kort.
Med nærare 100 shoots, 600 publiseringar og 2,8 millionar organiske visningar på litt over fire månader har aktiviteten vore høg gjennom sommaren. Bak tala ligg kontinuerleg arbeid med å finna dei rette historiene, vera aktuell når noko skjer og sørgja for at innhald frå Hardanger når ut, både gjennom våre eigne og andre sine kanalar.