Utvikling

Rekordsommar for Hardanger

August vart den beste som er målt, og sommaren enda på rekord. Hardanger veks meir enn dobbelt så raskt som landet.

Andreas Skogseth
9.10.26

Rekordsommar for Hardanger

SSB-tala for august er klare, og dei stadfestar det vi har sett heile sesongen. August enda på 135 483 overnattingar i Hardangerfjord-regionen, ein vekst på 2,9 prosent og den beste augustmånaden som er målt. Dermed er fasiten for sommaren klar. Juni til august samla 425 202 overnattingar, opp 5,2 prosent frå i fjor og ny rekordsommar.

Hittil i år (januar–august) ligg regionen på 554 673 overnattingar, opp 5,9 prosent og heile 25 prosent over 2019-nivået. Dette er på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i SSB-region Hardangerfjord.

Veks raskare enn fylket, landet og Nord-Noreg

Hardanger veks meir enn dobbelt så raskt som landet samla, som er opp 2,3 prosent hittil i år. Vestland fylke er opp 3,1 prosent og Nord-Noreg 0,9 prosent. I august gjekk både fylket (−0,9 %) og Nord-Noreg (−2,0 %) tilbake, medan Hardanger voks. Det gjer Hardanger til ein av dei sterkaste reiselivsregionane i landet i år – i ein sommar som har vore kjølig og våt på Vestlandet, med eit par fine veker i juli som unntak. Ifølgje Meteorologisk institutt fekk store delar av Vestland meir regn enn normalt i sommar – likevel fall rekordane i Hardanger.

Via ferrata-klatring i Hardanger. Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Slik ligg samanliknbare regionar an

Vekst i overnattingar januar–august, med samla volum i parentes:

  • Hardangerfjord +5,9 % (554 673) – sommaren +5,2 %
  • Bergensregionen +3,4 % (2 416 076) – sommaren +1,6 %
  • Lofoten +2,7 % (652 565) – sommaren −2,5 %
  • Nordfjord +1,8 % (391 785) – sommaren +2,2 %
  • Sognefjord −1,1 % (702 536) – sommaren −2,9 %
  • Ålesund/Sunnmøre −5,6 % (773 484) – sommaren −7,7 %

Fleire av dei store fjord- og kystregionane er større enn Hardanger i volum, men ingen av dei veks raskare i år. Hardanger har sterkast vekst både hittil i år og gjennom sommaren.

Nordmennene tok ferien tidleg – august vart internasjonal

Fram til juni var det norske gjester som dreiv veksten, opp heile 15 prosent. Gjennom sommaren snudde biletet. I juni–august auka utanlandske overnattingar 9 prosent medan norske voks 1 prosent, og i august fall den norske marknaden 12 prosent medan utlandet auka 13 prosent. Hittil i år endar dei to omtrent likt, Noreg opp 5,3 prosent og utlandet opp 6,6 prosent.

Same biletet ser vi på enkeltmarknadene. USA er ned 18 prosent hittil i år, men var nesten tilbake på fjorårsnivå i august. Kina er meir enn dobla med 117 prosent vekst. Storbritannia og Frankrike auka i august, og Tyskland og Nederland ligg litt under fjoråret men er framleis dei klart største utanlandsmarknadene. Marknadene veg opp for kvarandre – det er heile poenget med å jobbe breitt mot fleire marknader, slik vi saman med næringa og kommunane har gjort systematisk over fleire år. Diversifiseringa gjer regionen mindre sårbar for svingingar i enkeltmarknader.

Fulle hotell gir vekst på pris, ikkje volum

Hotellovernattingane er flate hittil i år (−0,1 %), men det handlar ikkje om sviktande etterspurnad. I høgsesongen er hotella i praksis fulle, med rundt 80 prosent rombelegg i juli for regionen samla. Det betyr fullt på dei mest attraktive stadene og datoane. Då kjem veksten på pris i staden. Oppnådd rompris i sommar var 2 022 kroner, opp 7,6 prosent, og RevPAR enda på 1 471 kroner, opp 9,5 prosent.

Volumveksten går dit det er plass. Camping, hyttegrender og vandrarheimar er opp 9,8 prosent hittil i år og 4,9 prosent i august – medan camping fall både i Vestland fylke, Nord-Noreg og landet samla i august. I eit tiårsperspektiv er camping og hytter i Hardanger meir enn dobla, frå 151 000 til 347 000 overnattingar i januar–august.

Potensialet ligg i vår og haust

Kapasitet er berre ei avgrensing nokre få veker i året. I mai var hotellbelegget 47 prosent, og i september i fjor 53 prosent. Mykje av potensialet for vidare vekst ligg difor i å forlengje sesongen og fylle vår og haust, og det er dit vi rettar marknadsarbeidet framover. Dette er også i tråd med den nye regionale reiselivsstrategien som Hardanger-kommunane snart vedtek, der berekraftig vekst, lengre sesong og verktøy for å handtere auka besøk er sentrale punkt.

Merk at tala ikkje inkluderer Airbnb og liknande delingsplattformer, som erfaringsmessig utgjer 20–30 prosent ekstra, og heller ikkje dagsbesøk, cruise eller villcamping. Samla for Hardangerfjord-regionen inkludert Kvinnherad ventar vi over 900 000 kommersielle overnattingar i 2026.

Kjelder: SSB statistikkbanken tabell 14172 (hotell og camping/hyttegrend/vandrarheim, alle marknader) og Meteorologisk institutt.

Last ned

Andre innlegg