Utvikling

Hardanger mot tidenes reiselivsår

Rekordsommar, ny septemberrekord og sterkast vekst av dei store fjordregionane. 2026 ligg an til å bli tidenes år.

Andreas Skogseth
9.11.26

Hardanger mot tidenes reiselivsår

Fasiten etter sommaren og tidleghausten er klar. Hardangerfjord-regionen har 605 571 overnattingar hittil i år (januar–september), opp 5,4 prosent frå 2025 og heile 25 prosent over 2019-nivået. Held utviklinga seg ut året, blir 2026 det beste reiselivsåret som er målt i regionen.

Veksten er i hovudsak driven av høgsesongen. Juni til august enda på 425 202 overnattingar, opp 5,2 prosent og ny rekordsommar, med tidenes beste juli og tidenes beste august. Og veksten stoppa ikkje der – september sette også rekord, for femte året på rad.

Sterkast utvikling blant samanliknbare regionar

Hardanger veks meir enn dobbelt så raskt som landet (+2,2 %) og klart meir enn Vestland fylke (+3,1 %). Vekst i overnattingar januar–september, med samla volum i parentes:

  • Hardangerfjord +5,4 % (605 571)
  • Bergensregionen +3,7 % (2 747 665)
  • Lofoten +2,9 % (729 511)
  • Nordfjord +1,3 % (435 233)
  • Sognefjord −0,8 % (784 151)
  • Ålesund/Sunnmøre −5,4 % (873 248)

Fleire av regionane er større enn Hardanger i volum, men ingen av dei veks raskare i år.

Turgåar mellom revebjøller med utsikt over Hardangerfjorden. Foto: Visit Hardangerfjord
Foto: Visit Hardangerfjord

Begge marknader veks – og dei avløyste kvarandre

Hittil i år veks både den norske marknaden (+4,6 %) og den utanlandske (+6,3 %). Sesongen viste styrken i å jobbe breitt. Nordmennene dreiv veksten fram til juni og tok ferien tidleg, så tok utlandet over – i august auka utanlandske overnattingar 13 prosent, og i september heldt utlandet fram med 3,6 prosent vekst. Marknadene veg opp for kvarandre gjennom sesongen.

Fulle hotell gir vekst på pris – volumveksten går til camping

Hotellovernattingane er stabile i volum hittil i år, med i praksis fulle hus i høgsesongen og rundt 80 prosent rombelegg i juli. Veksten kjem då på pris – oppnådd rompris i sommar var 2 022 kroner (+7,6 %) og RevPAR 1 471 kroner (+9,5 %). Volumveksten går dit det er plass, og camping, hyttegrender og vandrarheimar veks 9,2 prosent hittil i år. At september no ligg nesten 30 prosent over 2019-nivået, viser samstundes at skuldersesongen fyller seg gradvis – i tråd med strategien om lengre sesong.

Inngangen til neste høgsesong er også uvanleg sterk. Midt i rekordåret vart Vestland, med Hardangerfjorden som blikkfang, løfta fram på National Geographics Best of the World 2027. Kåringa gav stor internasjonal merksemd og blir brukt vidare i marknadsføringa fram mot 2027 – les meir i saka om prestisjekåringa.

Sterk høgsesong også i Kvinnherad

Kvinnherad, som er del av Visit Hardangerfjord men ligg i SSB-region Sunnhordland, leverte også ein sterk sommar. Campingen voks rundt 16 prosent i både juni og juli og 3,3 prosent for sommaren samla, og i september kom dei norske gjestene tilbake. Les heile gjennomgangen i eiga sak om Kvinnherad.

Merk at tala ikkje inkluderer Airbnb og liknande delingsplattformer, dagsbesøk, cruise eller villcamping.

Kjelde: SSB statistikkbanken, tabell 14172, hotell og camping/hyttegrend/vandrarheim, alle marknader. Tal til og med september 2026.

Last ned

Andre innlegg