Utvikling
SSB-tala til og med august viser sterk høgsesong – og det er Kvinnherad som ber campingsommaren i Sunnhordland.
SSB-region Sunnhordland, som Kvinnherad inngår i, har 233 186 overnattingar hittil i år (januar–august), opp heile 9,2 prosent samanlikna med 2025.
Hotella i Sunnhordland veks 16,7 prosent hittil i år. Mykje av veksten kjem frå yrkestrafikken, som er opp heile 45 prosent og utgjer 59 prosent av hotellovernattingane i regionen, i tillegg til 7 prosent kurs og konferanse. Ferie og fritid har framleis 34 prosent av overnattingane, men segmentet ligg 12 prosent under fjoråret på hotell. Formålstala bør lesast omtrentleg. Til samanlikning har Hardangerfjord-regionen 84 prosent ferie og fritid.
Hotelltala for Kvinnherad isolert er anonymiserte hos SSB fordi det er få tilbydarar. Frå rapporteringar elles er det god utvikling på hotella i kommunen, og vi reknar med at dei følgjer om lag same utvikling som hotella i Hardangerfjord-regionen.

På campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar finst det fullverdige tal for Kvinnherad, og dei er hyggeleg lesnad. Juli vart den klart beste månaden med 26 340 overnattingar, opp 15,9 prosent frå i fjor, og juni voks endå meir med 16,8 prosent – om lag dobbel veksttakt samanlikna med Hardangerfjord-regionen i same periode. Sommaren samla enda på 58 723 overnattingar, opp 3,3 prosent.
Kvinnherad er campingtyngdepunktet i Sunnhordland med om lag 63 prosent av regionens campingovernattingar – og det er kommunen som ber sommaren. Utan Kvinnherad går campingen i resten av Sunnhordland faktisk tilbake, med eit fall på 3,5 prosent i sommarmånadene.
I august fall campingovernattingane i Kvinnherad 18,9 prosent. Heile fallet ligg i den norske marknaden, som gjekk frå 8 499 til 4 709 overnattingar (−45 %), medan utanlandske gjester var stabile. Kvinnherad er meir avhengig av norske campinggjester på seinsommaren enn regionane rundt – i fjor sto nordmenn for halvparten av august-campingen i kommunen, i år 41 prosent. Mønsteret vi såg i heile Hardanger i år, at nordmennene tok ferien tidleg og juli vart tilsvarande sterk, slo dermed hardare ut i Kvinnherad enn elles.
For å lese turistutviklinga i Kvinnherad er campingtala altså den rettaste målestokken – og dei viser ein kommune som veks klart meir enn naboane i høgsesongen. Indre delar av Kvinnherad følgjer i praksis utviklinga i Hardanger – sjå saka om rekordsommaren i Hardanger.
Merk at SSB berre måler formål med reisa på hotellovernattingar – camping er ikkje fordelt på formål, men er erfaringsmessig i all hovudsak ferie. Januar–mars er anonymisert for Kvinnherad, så heile året kan ikkje summerast på kommunenivå. Airbnb og liknande, dagsbesøk, cruise og villcamping er ikkje med i tala.
Kjelder: SSB statistikkbanken, tabell 12894 (kommunar), 14172 (reiselivsregionar) og 14175 (formål, hotell).