Utvikling

Kan opne for marknadsføring av sider

Går framlegget på Stortinget gjennom, kan produsentar og reiseliv kommunisere og byggje merkevara Sider frå Hardanger.

Andreas Skogseth
19.11.26

Kan opne for marknadsføring av sider

Stortinget handsamar no eit framlegg som kan gje siderprodusentane i Hardanger høve til å kommunisere produkta sine i sosiale medium, vise til utmerkingar og selje meir frå garden. Visit Hardangerfjord har i eit høyringsinnspel bede om at reiselivet får det same høvet.

Framlegget kjem frå representantar frå Høgre og ligg til handsaming i helse- og omsorgskomiteen. Det ber regjeringa gjennomgå og modernisere reglane for alkoholreklame og gardssal.

Dette kan endre seg for produsentane

  • Produsentar kan få gje nøktern informasjon om eigne produkt på eigne profilar i sosiale medium.
  • Utmerkingar og eksterne omtalar kan få stå på produkta og bli viste til der det vert servert.
  • Gardssal kan bli enklare, med høgare volumgrenser, salstider som følgjer det ordinære løyvesystemet og mindre søknads- og rapporteringsarbeid.
  • Det kan bli enklare å kombinere produksjon, omvising, servering og sal på same stad.

Kva det tyder for reiselivet

For reiselivet er spørsmålet om vi får kommunisere og byggje merkevare rundt det som alt er ein av dei viktigaste grunnane til å besøkje Hardanger. «Sider frå Hardanger» fekk beskytta geografisk nemning i 2009, som det første alkoholhaldige produktet i Noreg, og regionen har gått frå ein handfull til over tretti produsentar. Produsentbesøk og smaking gjev aktivitet også utanom høgsesongen.

I dag er det uklart kvar grensa går mellom lovleg informasjon om eit reisemål og ulovleg alkoholreklame. Det gjeld til dømes om vi kan vise til den beskytta nemninga, skildre kva ei smaking inneheld, eller presentere produsentane for utanlandske turoperatørar i kanalar som også kan lesast i Noreg. Resultatet er at seriøse aktørar ofte let vere å kommunisere noko som helst.

Framlegget slik det ligg føre, gjeld berre produsentane sine eigne profilar. Blir innspelet vårt teke til følgje, kan også overnattingsstader, turoperatørar og destinasjonsselskapet kommunisere sideren som ein del av reisemålet, i Noreg og overfor utanlandske marknader. Det vil gjere det mogleg å byggje «Sider frå Hardanger» som merkevare saman med Hardanger som reisemål.

Dette har vi bede om

  • Ein heilskapleg gjennomgang av alkoholreklameregelverket, med nasjonal rettleiing, konkrete døme og éin stad der verksemder kan få førehandsavklaring.
  • At retten til nøktern informasjon også skal gjelde kanalane til reisemålet: destinasjonsselskap, overnattingsstader og turoperatørar.
  • At opphav, beskytta nemningar, råvarer, produksjonsmåte, dokumentert kvalitet og utmerkingar uttrykkjeleg skal kunne kommuniserast, også overfor utanlandske marknader.
  • Enklare rutinar for gardssal, og at dagens ordning for sider ligg fast.

Vi har vist til Frankrike som døme. Der gjeld ei streng folkehelselov for alkoholreklame, men lova opnar for opplysningar om opphav, beskytta nemningar, produksjonsmåte og utmerkingar. Sidan 2016 er det også lovfesta at innhald om produksjonsområdet, historia og handverket bak drikker med beskytta nemning ikkje vert rekna som reklame. Målet vårt er at «Sider frå Hardanger» over tid skal få same posisjon for Hardanger som Champagne har for sin region.

Framleis klare grenser

Vi har ikkje bede om fri tilgang til alkoholreklame. Kjøps- og drikkeoppmodingar, innhald retta mot mindreårige og marknadsføring som knyter alkohol til rus, fest eller sosial suksess skal framleis vere forbode. Alderskontroll og vernet av barn og unge skal liggje fast, og reglane må gjelde likt for norske og importerte produkt med beskytta nemning.

Vegen vidare

Ingenting er vedteke enno. Komiteen har frist til 19. januar 2027 med å leggje fram innstillinga si, før saka går til Stortinget. Får framlegget fleirtal, må regjeringa kome tilbake med konkrete regelendringar, så det vil ta tid før noko endrar seg i praksis. Fram til då gjeld dagens reglar.

Også NHO Reiseliv og Visit Sognefjord har gitt innspel i same retning. Vi følgjer saka vidare og held næringa orientert. Produsentar og andre verksemder som har erfaringar med regelverket, eller synspunkt på innspelet vårt, må gjerne ta kontakt med Andreas Skogseth.

Last ned

Andre innlegg