Kurs i KI for reiselivet

Som medlem i Visit Hardangerfjord får du 75 prosent rabatt på KI-kursa til Norwegian Travel Cluster i haust.

Margit Lund-Mikkelson
6.10.26

KI-kurs til medlemspris

Mange reiselivsbedrifter er nysgjerrige på KI, men treng meir kunnskap om korleis teknologien kan brukast i praksis. Norwegian Travel Cluster tilbyr difor ein kursserie med tema som er relevante for både drift og utvikling av reiselivsbedrifter.

To nivå – seks komande kurs

Nivå A er for deg som ikkje har brukt KI før, eller som ønskjer ei grunnleggjande innføring. Nivå B passar for deg som har noko erfaring og vil bruke KI meir målretta i marknadsføring og produktutvikling.

Alle kursa går digitalt kl. 09.00–10.30, slik at du kan delta frå eigen arbeidsplass. Du kan velje enkeltkurs etter behov eller følgje fleire for ei grundigare innføring.

Nivå A – KI for nybyrjarar

Nivå B – KI for litt erfarne

Medlemspris og påmelding

Ordinær pris er 2 000 kroner per deltakar per kurs. Som medlem i Visit Hardangerfjord betaler du 500 kroner per deltakar per kurs. Dei fire komande kursa på nivå A kostar dermed 2 000 kroner til saman per deltakar, mot ordinært 8 000 kroner.

For å få rabattkoden sender du ein e-post til Margit Lund-Mikkelson på margit@hardangerfjord.com.

Påmeldinga skjer direkte på kurssida til Norwegian Travel Cluster, der du legg inn rabattkoden og oppgir Visit Hardangerfjord som destinasjonsselskap.

Kurstilbodet blir formidla i samarbeid med Norwegian Travel Cluster, eit nasjonalt nettverk av destinasjonsselskap som arbeider for ei heilskapleg og berekraftig utvikling av norske reisemål.

‍

Last ned

Andre innlegg