Utvikling

Rekordjuli for Hardanger

191 000 overnattingar gjer juli til den sterkaste julimånaden nokon gong – og veksten hittil i år er 6,9 prosent.

Andreas Skogseth
10.9.26

Rekordjuli for Hardanger

Som lova i halvårssaka kjem her gjennomgangen av sommaren så langt. SSB har no publisert overnattingstala for juli – og dei viser at juli 2026 er den sterkaste julimånaden som nokon gong er målt for Hardangerfjord-regionen sidan målingane starta i 2016. Det skjer attpåtil i ein sommar med vekslande vêr og uro i verdsmarknadene.

Hovudtala per juli

Tala gjeld reiselivsregionen Hardangerfjord (hotell og camping/hyttegrend/vandrarheim, alle marknader):

  • 191 015 overnattingar i juli – ny julirekord, og 6,2 prosent vekst frå juli i fjor
  • 419 190 overnattingar hittil i år (januar–juli) – 6,9 prosent vekst, mot 2,7 prosent på landsbasis

Til samanlikning låg juli 2019 – siste rekordsommaren før pandemien – på 155 000 overnattingar. Regionen ligg altså over 20 prosent over 2019-nivået, og har no hatt vekst i julitala kvart einaste år sidan 2020.

Også nasjonalt var juli rekordsterk: 6,6 millionar overnattingar er det høgaste SSB nokon gong har registrert i ein enkeltmånad. Hardanger veks altså klart raskare enn landet elles – også i ein rekordsommar for heile Noreg.

Utlandet tok over stafettpinnen i juli

Hittil i år er det norske gjester som driv veksten (+9,5 prosent), men i sjølve julimånaden snudde biletet: utanlandske overnattingar auka med 10 prosent, medan dei norske voks med snaue 3 prosent. Det er eit sunt teikn – veksten kviler ikkje på éin marknad åleine, og høgsesongen trekkjer stadig fleire internasjonale gjester.

Blant enkeltmarknadene held Kina fram med kraftig vekst – over 140 prosent hittil i år og no over 20 000 overnattingar, som gjer Kina til ein av dei største utanlandsmarknadene våre. USA-nedgangen vi varsla i halvårssaka held seg, om lag 25 prosent under fjoråret per juli – i tråd med svakare dollar og færre flybookingar over Atlanteren. Tyskland og Nederland ligg marginalt under fjoråret, men held stand som dei klart største utanlandsmarknadene med til saman rundt 70 000 overnattingar så langt i år.

Hardanger i toppen av benchmarken

Vekst i overnattingar hittil i år, per juli:

  • Hardanger: 6,9 %
  • Bergen: 4,2 %
  • Lofoten: 3,3 %
  • Landsgjennomsnittet: 2,7 %
  • Nordfjord: 2,4 %
  • Sogn: 0,6 %

Verdt å merke seg: Lofoten, som lenge har vore vekstvinnaren i norsk reiseliv, hadde nedgang på nesten 9 prosent i sjølve julimånaden, og Sognefjorden var flat. Hardanger har dermed gått forbi både Lofoten og nabofjordane i veksttakt så langt i år – og er med det blant dei sterkaste reiselivsregionane i landet.

Trolltunga i juli 2026. Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Kva ligg bak veksten?

Ein rekord kjem sjeldan av seg sjølv. Vi har aldri brukt meir ressursar på synlegheit enn i år: always-on-kampanjar i sosiale medium retta mot Noreg og Europa, Eventyr-konseptet som vart rulla ut før sommaren, og eit systematisk arbeid med å gjere Hardanger synleg i AI-søk – der trafikken konverterer nesten tre gonger betre enn snittet. I tillegg gjev den langsiktige B2B-innsatsen i dei europeiske marknadene resultat, i samspel med ei svak krone som gjer Noreg attraktivt for utanlandske gjester og held fleire nordmenn heime.

Vêret har vore vekslande, men aktørane melder jamt over om ein god sommar: hotella om betre resultat enn i fjor, aktivitetsleverandørane om tosifra vekst, og serveringsstadene om stor pågang. Finvêrsvekene gav høg pickup og rom for betre prisar per gjest.

Kvinnherad: framleis sterk vekst

SSB-regionen Hardangerfjord omfattar ikkje Kvinnherad, som statistisk høyrer til Sunnhordland. Kommunetala for Kvinnherad er i stor grad anonymiserte av SSB, så her må vi bruke anslag: Campingtala, som er tilgjengelege, viser 16 prosent vekst i juli, og Sunnhordland-regionen samla veks med 13 prosent i juli og 15 prosent hittil i år. Eit rimeleg anslag er difor at reiselivet i Kvinnherad har hatt tosifra vekst i sommar – i så fall blant dei sterkaste områda våre. Det stemmer godt med tilbakemeldingane frå aktørane i Rosendal-området.

Rosendal i juli 2026. Foto: Yrjan Olsnes / Visit Hardangerfjord

Utanfor SSB-tala: delingsplattformer, cruise og turmål

Delingsplattformer: SSB-tala over omfattar ikkje utleige via Airbnb og liknande plattformer. Erfaringsmessig utgjer denne trafikken 20–30 prosent på toppen av dei kommersielle overnattingane i Hardanger – det reelle gjestevolumet er altså klart høgare enn SSB-tala viser. Den eksperimentelle statistikken frå SSB og Eurostat, som måler bestillingar via Airbnb, Booking.com, Expedia og Tripadvisor, stadfestar biletet: Vestland er fylket med flest plattformovernattingar i landet, og juli og august står åleine for over ein tredjedel av årsvolumet. Denne statistikken kjem med eitt års forseinking, så 2026-tala får vi først neste haust – men trenden dei siste åra har vore tydeleg vekst.

Cruise: Cruisegjestene kjem i tillegg til overnattingstala. 2025 var rekordår for cruise i Noreg med over 3 900 anløp og 1,6 millionar passasjerar langs kysten, og Eidfjord held fram som ei av dei viktigaste cruisehamnene på Vestlandet: Hamnelista viser om lag 90 anløp i 2026-sesongen (mars–november) med ein samla passasjerkapasitet på rundt 185 000 – i snitt vel 2 000 passasjerar per skip. 55 av anløpa var gjennomførte per utgangen av juli. Tyske, amerikanske og britiske reiarlag dominerer sesongen.

Turmåla: Teljarane på dei store turmåla nyanserer biletet – og viser kor vêravhengig denne trafikken er. Trolltunga hadde ein krevjande sesongstart med stengd veg, og per 31. juli hadde om lag 38 000 personar gått turen, mot 49 500 på same tid i fjor (−23 prosent). I juli isolert var nedgangen 10 prosent: Dei første vekene låg på fjorårsnivå, før vêromslaget sist i månaden trekte tala ned. Interessant nok er USA største marknad på Trolltunga med 17 prosent av dei besøkande, følgd av Noreg (13), Sverige (12) og Tyskland (10) – og heile 87 prosent er utanlandske gjester. Samstundes melder fleire guideselskap om gode tal frå amerikanske gjester – noko som kan tyde på at sjølve adventure-segmentet står sterkt og veks, sjølv om dei samla USA-tala går ned. At overnattingane set rekord medan eit enkeltturmål har nedgang, minner om at regionen no står på fleire bein enn før.

Om tala

Overnattingstala er henta frå SSB (statistikkbanken, tabell 14172 og 12894) og omfattar hotell, camping, hyttegrender og vandrarheimar. Airbnb og liknande delingsplattformer, dagsbesøkande og cruise er ikkje med i hovudtala – sjå eige avsnitt over. Plattformtala byggjer på eksperimentell statistikk frå SSB/Eurostat, cruisetala på Kystverket og hamnelista for Eidfjord (per 01.09.2026), og Trolltunga-tala på Eco-Visio-teljaren og parkeringsdata frå Trolltunga AS. August-tala frå SSB kjem i månadsskiftet september/oktober – då gjer vi opp status for heile sommarsesongen.

Last ned

Andre innlegg