B2B
Fredag 6. november arrangerer Visit Hardangerfjord sitt aller første b2b-arrangement i Frankrike.
Fredag 6. november 2026 arrangerer Visit Hardangerfjord workshop i Paris – vårt aller første b2b-arrangement i Frankrike. Arrangementet vert halde i ambassadørbustaden ved Den norske ambassaden, og interessa frå medlemmene har vore stor.
Visit Hardangerfjord er eitt av svært få destinasjonsselskap i Noreg som arrangerer eigne b2b-arrangement i utlandet. Tradisjonen går langt tilbake: Den årlege Hardangerfjord Luncheon i London har i ei årrekkje sett regionen på kartet hjå britiske turoperatørar, og annakvart år – dei åra vi ikkje er i London – vel vi ut ein ny marknad å satse mot. Etter Milano i 2025 står no Paris for tur. Denne kontinuiteten i internasjonalt salsarbeid gjev medlemmene våre ein direktekanal til marknadene som få andre regionar kan tilby.
At vi i tillegg får nytte ambassadørbustaden, skaper ei ramme få får oppleve. Å invitere franske turoperatørar inn i ein slik setting gjev tyngd til presentasjonen av regionen, og signaliserer at Hardanger satsar langsiktig i Frankrike.
Timinga er god. Frankrike er ein av dei viktigaste og sterkast veksande nærmarknadene for Hardanger-regionen – talet på franske gjestedøgn har auka markant frå 2019 til 2025, og Frankrike er no for fyrste gong blant dei aller største utanlandsmarknadene i norsk reiseliv. Med direkteruter mellom Paris og Bergen ligg alt til rette for tettare samarbeid med franske turoperatørar – og for å posisjonere regionen tidleg.
Sjølve dagen går føre seg frå kl. 10.00 til 14.00, med presentasjonar, individuelle 1:1-møter og nettverksbygging. Vi samarbeider med eit anerkjent Paris-byrå med solid erfaring frå tilsvarande arrangement for nordisk reiseliv, og målet er minst 30 kvalifiserte franske turoperatørar i salen.
Vil du vite meir om arrangementet eller satsinga på Frankrike? Ta kontakt med Hege Vedvik (hege@hardangerfjord.com) eller Andreas Skogseth (andreas@hardangerfjord.com).