B2C
Færre klikk frå Google, men meir engasjerte gjester enn nokon gong – slik endrar AI-søk trafikken vår.
Sommaren 2026 markerer eit tidsskilje for korleis gjester finn Hardanger på nett. Færre klikkar seg inn via tradisjonelt Google-søk – men dei som kjem, er meir engasjerte og meir kjøpeklare enn nokon gong. Her forklarar me kva som skjer, kva tala faktisk viser, og kva det betyr for reiselivsbedriftene i regionen.

Alle tal gjeld hardangerfjord.com i perioden 1. januar–01. august, slik at åra kan samanliknast direkte:
Sidevisningane ligg hittil i 2026 rundt 15 prosent under fjoråret. Men merk retninga på dei to nedste punkta: kvaliteten på besøka har aldri vore høgare. Engasjementsraten har gått frå 56 til 70 prosent på to år, og kvar besøkande gjer stadig meir på nettsida.
Nedgangen kjem i all hovudsak frå éin kanal: organisk søk, som har falle frå 312 000 til 245 000 økter (−22 %). Dette er ikkje eit Hardanger-fenomen, men eit globalt skifte. AI-assistentar som ChatGPT og Googles AI-oversikter svarar no på ein stor del av reisespørsmåla direkte – «kva bør eg sjå i Hardanger?», «når går ferja?», «kvar kan eg overnatte nær Trolltunga?» – utan at brukaren klikkar seg vidare til nettsida.
Innhaldet vårt blir altså lese og brukt minst like mykje som før – men ein aukande del av lesinga skjer inne i AI-tenestene, ikkje på hardangerfjord.com.
Det mest interessante: trafikken frå AI-assistentar er den mest verdifulle me har. Han konverterer til viktige hendingar (klikk vidare til bedrifter, bestillingslenker o.l.) i 24 prosent av øktene – nesten tre gonger snittet på 8 prosent. Den som spør ein AI-assistent om Hardanger og likevel klikkar seg vidare, har som regel bestemt seg for å reise.

Noreg og Tyskland er framleis berebjelkane med til saman tre av fire besøkande. Den tydelegaste veksthistoria er Storbritannia, som har auka jamt gjennom alle tre åra – frå 6 634 brukarar i 2024 til 10 769 i år. Eit marknad det kan vere verdt å dyrke vidare.
Skiftet frå søkjemotor til AI-assistent endrar spelereglane for synlegheit. Tre konkrete råd: