B2B

Årets Norwegian Travel Workshop

2.9.20

Den fyrste digitale versjonen av NTW

I samband med den pågåande pandemien har Innovasjon Norge avlyst alle fysiske møta (messer, workshop o.l.) for reiselivsbransjen ut året. Det er nå implementert ei verktøykasse for å kunne avhalde og erstatta dei fysiske møteplassar med digitale møta.
Fyrst ut i ny drakt er årets viktigaste møteplass – Norwegian Travel Workshop –som opphaveleg skulle gjennomførast i Trondheim i april. Den digitale versjonen vert nå gjennomført 7.-9. september, og førebuingane er godt i gang!
Det er påmeldt fleire hundre turoperatørar frå heile verden og det er ope for 1:1 møta i frå kl. 8:00 til kl. 21:00 over to dagar. Visit Hardangerfjord har så langt stadfesta 27 møta med operatørar frå 15 forskjellige land. Så dette vert spennande!

I forkant av NTW er Innovasjon Norge sine utekontora i gang med webinarer, der de oppdater om den generelle situasjonen og turoperatør-situasjonen i dei forskjellige marknader. Webinanrane er ope for alle tilbydarar som er påmeldt NTW. For reiselivsaktørar som ikkje er påmeldt NTW held Innovasjon Norge sine utekontora eigne webinarar med status oppdateringar frå marknadane:
https://business.visitnorway.com/en/b2b-activities/webinars-status-updates/

Last ned

Andre innlegg