B2B
Me held på tradisjonen og arrangerer Hardangerfjord Luncheon i London for 41. gong.
Bli med på ein unik marknadsmoglegheit i London!
i 2023 gjenopptok Visit Hardangerfjord tradisjonen med å arrangere Hardangerfjord Luncheon i London – for heile 40. gong! Dette er ein arena der Hardanger gjennom åra har bygd sterkt og verdifult samarbeid med britiske (og skotske) turoperatørar.
i 2025 vert Hardangerfjord Luncheon halden på Royal Garden Hotel i Kensington måndag 1. desember.
Kvifor bør du delta?
💼 Direkte kontakt med turoperatørar: Du får ein eksklusiv moglegheit til å presentere produkta dine og knyte verdifulle forretningskontaktar.
🍽️ Uformelle nettverksmoglegheiter: Bygg gode relasjonar over ein delikat lunsj i ei avslappa og hyggeleg atmosfære.
🌍 Strategisk satsing: Me planlegg å arrangere Hardangerfjord Luncheon annakvart år i London, med utforsking av andre marknader i Europa dei andre åra. Dette gjer spanande moglegheiter for å nå ut til nye kundesegment.
Du er velkomen til å ta del i denne møteplassen og bli med på å styrkje Hardanger sitt internasjonale samarbeid!
Har du spørsmål eller vil du sikre din plass? Ta kontakt med oss!
Det kjem meir informasjon etter kvart.