B2C
Visit Hardangerfjord når godt ut med spektakulære filmar og bilete.
Innhald er ein avgjerande suksessfaktor for reiselivet – spesielt når det kjem til merkevarebygging og effektiv marknadsføring på digitale plattformer. I 2024 har Visit Hardangerfjord oppretthalde ein høg produksjon av bilete- og videomateriale som både medlemsverksemdene og regionen som heilskap har hatt stor nytte av.
Gjennom året har me gjennomført om lag 40 produksjonsrundar av ulikt omfang i heile Hardanger-regionen. Resultatet? Tusenvis av bilete og hundrevis av videoar som set regionen i eit strålande lys. Produksjonsrundane har variert frå korte dagsturar med fokus på spesifikke aktivitetar til større prosjekt over fleire dagar – som på Folgefonna, Trolltunga og fleire andre ikoniske destinasjonar.
Samarbeid har vore ein nøkkel til suksess i dette arbeidet. Me har jobba tett med både internasjonale og norske innhaldsprodusentar, som den tyske fotografen Marvin Kuhr og bergensbaserte matinfluencar Paal Grung. Slike samarbeid gir ikkje berre høg rekkevidde og engasjement, men også ein solid tilførsel av kvalitetsinnhald som kan brukast i vårt vidare arbeid for å løfta fram regionen.
Gjennom dette har me styrka grunnlaget for vidare merkevarebygging og sikra at Hardanger blir vist fram som ein verdsklasse-destinasjon, både nasjonalt og internasjonalt.
Les meir om korleis Hardanger inspirerer på SoMe her: Hardanger inspirerer på SoMe