B2C
Mini-guides og engasjerande innlegg har løfta Hardanger-regionen på sosiale medium – året rundt.
2024 har vore eit år med stor utvikling og kreativ nyskaping på sosiale medium for Visit Hardangerfjord. Med uforutsigbare algoritmar og stadig skiftande trendar har me jobba målretta for å nå ut til målgruppene våre. Sosiale medium krev at ein held seg oppdatert, og me har prioritert å inspirera og skapa reiselyst gjennom engasjerande innlegg, utvikling av kreative konsept og samarbeid med ymse aktørar. Me har brukt omlag 2000 timar til saman på å ta nye konsept og kurering av innhald frå A-Å.
I år, som andre år, har innhaldet vårt nådd ut til fleire millionar menneske. Me estimerer tal nærmare 20 millioner i rekkevidde. Dette understrekar kor viktig SoMe er for å nå ut til turistar og formidla alt det Hardangerfjord-regionen har å by på.
Eit av dei mest vellukka tiltaka våre er konseptet “mini-guides”, der fleire aktørar vert samla i eitt samleinnlegg for å løfta fram det beste Hardanger har å by på. Dette formatet har gjeve høg verdi både for oss og samarbeidspartnarane våre, med mange lagringar og høg brukarinvolvering. Mini guides er også ein fin måte å presentera og gå i dybden på kulturelt innhald på ein ny måte, noko me har sett skapar økt interesse.
Med ein ny ressurs på laget (Irene Schrøder) og ein dedikert person som har ansvaret for SoMe, har me forsterket aktivitet i kanalane våre – spesielt i høgsesongen. Hovudvekta av trafikken kjem frå Noreg, Tyskland, USA, Nederland og Storbritannia, med Noreg på toppen av lista.
Eit spesielt høgdepunkt i år var dei mange samarbeidsinnlegga med Visit Norway, der ein av dei siste reels-innlegga våre har fått over 150 000 visningar og 1000 lagringar. Dette er eit bevis på at kvalitetsinnhald framleis presterer godt, og at samarbeid gir stor verdi til regionen vår.
Les også: Rekordtrafikk på Hardangerfjord.com
Les også: Slik når me ut med kampanjane våre
Saman med næringa har me også arrangert ei rekke ulike influenser-turar - mellom anna med Marvin Kuhr og Paal Friele Grung. Marvin er ein tysk influener me har jobba med fleire gongar tidlegare, men svært gode resultat. Paal Grung er ein relativt ny mat-influencer som når breitt ut i den regionale marknaden. Han var her både i mai og i sommar, og innlegga hans har ført til fleire bookingar for dei som var med på å finansiera turen.
Sjå artikkelen me produserte frå turen med Marvin Kuhr:
The Hardangerfjord through the lens of Marvin Kuhr