B2C

Rekordtrafikk på Hardangerfjord.com

Nettsidetrafikken skyt i vêret. I år har trafikken gått opp 10 % frå rekordåret 2023, der me nådde millionbesøk!

Sjur Vågen
11.12.24

Rekordtrafikk på Hardangerfjord.com

Nettsidetrafikken på Hardangerfjord.com fortsetter å imponera, og 2024 ser ut til å verta eit nytt rekordår. Så langt ligg me 10 prosent framfor same tid i 2023 – som i seg sjølv var eit rekordår med over 1 million visningar! Dette er eit resultat Visit Hardangerfjord er svært nøgde med, særleg med tanke på endringar i Google Analytics og strengare krav til cookies, som gjer at me no har høgare mørketal enn før. Det er difor naturleg å tru at det reelle besøkstalet er ein god del høgare enn i 2023.

Me har lagt ned mykje tid og ressursar på å utvikla Hardangerfjord.com til å vera ei inspirerande, brukervennleg og informativ nettside for turistar som vil oppleva Hardanger-regionen. Sida er under kontinuerleg utvikling, og me gjennomfører tiltak basert på data frå blant anna ulike analyse-program og rapportar frå Visit Norway.

I år har me gjort fleire viktige forbetringar som gjev brukaren ei endå betre oppleving. Døme på dette er:

Visuell oppgradering: Me har flytta bilete- og videokarusellen til toppen av produktsidene, med eit nytt grid som framhevar det visuelle innhaldet.

Sesongbaserte søk: Eit nytt sesong-filter gjer det enklare for turisten å finna relevante produkt basert på tidspunktet dei planlegg turen.

Betre kobling mellom inspirasjon og produkt: Produktsidene kan no enkelt koplast mot temasider og inspirasjonsartiklar, som aukar opphaldstida og gjev meirverdi for brukaren.

Forbetring av inspirasjonssidene: Med ein ny drag-and-drop-funksjon kan me tilpassa rekkefølga på artiklane etter relevans og aktualitet.

Kven besøker sida?

Når det kjem til aldersgrupper, er dei største brukarane:

Dette viser at me treff breitt, men har særleg appell til eldre og unge vaksne, som ofte står bak reiseplanlegginga.

Nettsidearbeidet vårt er ein del av ei langsiktig satsing på å styrka Hardanger som ein verdsleiande destinasjon. Gjennom målretta innsats og kontinuerleg utvikling skal me halda fram med å levera resultat som gjev verdi for både medlemmane våre og lokalsamfunna.

Last ned

Andre innlegg