B2C

Slik når me ut med kampanjane våre

Gjennom samarbeid og målretta kampanjar har me nådd ut til millionar og skapt reiselyst i alle årstider.

Sjur Vågen
17.12.24

Slik når me ut med kampanjane våre

I år, som tidlegare år, har me jobba tett med både Visit Norway og Fjord Norway. Saman med desse har me blant anna tatt del i sesongutvidings-kampanjar om våren og hausten. VN og FN set opp inspirerande og informative sider, rettar annonsane mot aktuelle målgrupper med enkel inngang til aktivitetar, attraksjonar og overnattingar i Hardanger-regionen. Visit Hardangerfjord har også tatt del i fleire av Fjord Norway sine eigne kampanjar, blant anna mot sveitsiske Edelweiss si nye direkterute til Bergen.

Dette er berre nokre døme på kampanjane Visit Hardangerfjord er med på, og desse gjer at Hardanger-regionen er godt representert mot relevante målgrupper som fokuserer på skuldersesongane i regionen.
Satsinga på heilårsturisme ligg sentralt i vår marknadsstrategi, og me planlegg omfattande tiltak for komande vinter og vår.

Visit Norway og Fjord Norway er også viktige samarbeidspartnarar når det kjem til utvikling av ulike kommunikasjonskonsept. Visit Hardangerfjord sender stadig over ulike innspel til konsept, historiar og produkt frå Hardanger, og gjennom dette får regionen og medlemsverksemdene våre omfattande synlegheit. Samla har desse tre kanalane mange tosifra millionar årlege besøk.

Nokre, av mange, døme på sider med Hardanger-produkt på Visit Norway:

https://www.visitnorway.com/things-to-do/romantic-holiday-in-norway/

https://www.visitnorway.com/things-to-do/outdoor-activities/experiences-for-adrenaline-junkies/

https://www.visitnorway.com/hotels-more/unique-accommodation-options/

https://www.visitnorway.com/hotels-more/cottages-cabins/treetop-cabins/

https://www.visitnorway.com/things-to-do/food-and-drink/hardangers-fruit-farms/

https://www.visitnorway.com/places-to-go/top-10-places-in-norway/

https://www.visitnorway.com/plan-your-trip/propose-in-norway/

Populære marknadstenester for næringa

Stadig fleire medlemsverksemder kjøper SoMe-annonser gjennom Visit Hardangerfjord, og det siste året har me satt i gang rekordmange kampanjar saman med næringa. Her har me også produsert inspirerande landingssider / scrolling essay me sender trafikken inn på.

Sjå her for meir info om ulike annonsealternativ.

Kampanjane varierer veldig i storleik. Me har satt opp alt frå mindre kampanjar (10.000,-) der dei har eigne landingssider, til større kampanjar i hundretusenkroners-klassen der dei også kjøper lnspirerande landingssider på Hardangerfjord.com. Fellesnemnaren er at desse kampanjane er fordelaktige for alle involverte partar. Me har utvikla ein modell som treff målgruppene til medlemsverksemdene våre, slik at dei får rett gjest til rett tid på ein kostnadseffektiv måte. Ein viktig del av dette arbeidet er å utvikla konsept og setja saman ulike produktpakkar, slik at turisten får oppleva eit samla tilbod i Hardanger-regionen i staden for fleire enkeltståande produkt. Eit sentralt verktøy i dette arbeidet er scrolling essay-landingssider, som kombinerer inspirasjon og informasjon på ein god måte. Erfaring viser at desse landingssidene presterer svært bra med 2-3 minutt lesetid, noko som er langt over bransjestandard.

Sjå døme på ulike scrolling essay-landingssider her:

https://hardangerfjord.com/artikler/reisetips/oppdag-hardanger-guide-til-den-perfekte-sommarferien

https://hardangerfjord.com/artikler/reisetips/fra-fjord-til-fjell-det-beste-hardanger-har-a-by-pa

I tillegg til kampanjar på vegne av næringa, er me godt i gang - og vel så det - med våre eigne kampanjar. Me har kontinuerleg kampanjar retta mot ulike målgrupper. Eit døme på dette er Schibsted-kampanjen me retta mot den regionale marknaden i vår og sommar.

Denne presterte svært god, og faktisk over Schibsted sine eigne estimat! Som Schibsted skriv i kampanjerapporten:

Resultatene er svært gode. Den knuser estimatene på klikk inn fra front og lesetid. Også klikk ut fra saken er veldig bra. Det tyder på at saken har fanget lesernes interesse svært godt.

I dette tilfelle leverte Visit Hardangerfjord ein brief og innhald som vart presentert i Schibsted sine kanalar, blant anna BT og VG.

Last ned

Andre innlegg