B2C-marknadsføring i 2024

Les om B2C-marknadsarbeidet Visit Hardangerfjord gjer i 2024 og korleis du kan ta del i det.

Sjur Vågen
12.4.24

Marknadsføring mot individuelle gjester

Visit Hardangerfjord har dei siste åra jobba med å auka relevansen vår og forbetra tenestene våre. Blant anna har me sett mykje på korleis me kan tilby medlemsverksemder ulike verktøy og metodar for å gje auka synlegheit opp mot nasjonale og internasjonale gjester. Resultatet er ei rekke nye tenester og annonsemoglegheiter - ikkje berre annonser i trykksaker - som de no kan ta del i.

Annonsepakkar på sosiale medium (SoMe):

Ta i bruk Hardanger-merkevara og skil deg ut på sosiale medier!

Mange av medlemmene våre er usikre på korleis dei skal nå ut til potensielle kundar på SoMe. Samstundes er det utruleg viktig for næringa å vera til stades i desse kanalane. Difor tilbyr Visit Hardangerfjord ulike pakkar for å nå ut til ønska målgruppe på ein effektiv og god måte. Stadig fleire av medlemmene våre nyttar seg av dette tilbodet, og det er ikkje utan grunn. Ifylgje tal frå Facebook og Instagram (Meta) har nemleg annonsane prestert godt over bransjesnitt både når det kjem til klikkfrekvens, rekkevidde og engasjement!

Dei ferdige pakkane, som er tilpassa både mindre og større bedrifter, kostar fylgjande:

15.000 + mva

25.000 + mva

40.000 + mva

50.000 + mva

Ta kontakt med Sjur ang bestilling.

Skil deg ut på web med +1 million treff! 

Visit Hardangerfjord kan skilta med ei rivande utvikling på Hardangerfjord.com dei siste åra. Besøkstala har auka med fleire hundre prosent, turistane klikkar seg inn på fleire undersider per besøk og ei rekke nye, inspirerande funksjonar er lansert. Det gjer at fleire har tatt kontakt med oss for å skilja seg ut i mengda og nå ut til relevante målgrupper på ein kostnadseffektiv måte.

I nokre opplistingar ser de «sponsa» oppe til høgre på dei omtalane som kjem fyrst. Dette er betalte plasseringar. For dei som ikkje kjøper seg større merksemd / synlegheit, får dei omtale som vanleg i opplistinga. Rekkefylgja er heilt tilfeldig og vert oppdatert kvar natt. Dei som har gått for denne annonsa det siste året, har fått markant fleire besøk på omtalane sine.

NB: Det er maks 6 plassar for dette i kvar opplisting. Det er førstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld!

1 månad: 7.500 + mva

Tre månader: 15.000 + mva

Halvt år: 25.000 + mva

Inntektene me får på sida vil i stor grad brukast til trafikkdrivande tiltak til Hardangerfjord.com. Dette er med på å forsterka verdien av denne annonseforma. Samstundes vil merksemda rundt nettsida i sin heilheit verta tydeleg forsterka med ei slik annonse.

Produksjon av inspirerande landingssider

Ved kjøp av enkelte annonsepakkane våre på SoMe, kan ein kjøpa seg skreddarsydde landingssider på Hardangerfjord.com. Hotel Ullensvang, Trolltunga Active og The Fjords har blant anna nytta seg av dette ved fleire høve. I den forbindelse kjøpte dei scrolling essay som får fram produkta deira på ein informativ og inspirerande måte.

Dei leverte innhald (foto/video) og ønska bodskap. Visit Hardangerfjord tok seg av utforming og distribusjon.

Kostnad: Frå 10.000 og oppover - avhengig av ynskjer og kva SoMe-pakke ein går for.

Alle medlemsverksemder får omtalar på våre, Fjord Norway og Visit Norway sine nettsider. Desse omtalane er framleis inkludert i medlemskapet og gjev deg god synlegheit fordelt på fleire ulike kanalar. Annonsane er meint som eit supplement / boost av desse. Dei medlemmene som har prøvd dette nye annonseformatet, melder om god verdi og auka besøkstal på eiga nettside.

Ta kontakt med Sjur for meir informasjon og nøyaktig pris.

Influencer-marknadsføring

Visit Hardangerfjord har dei siste åra nytta seg av influencer-marknadsføring med svært gode resultat. Dette er snakk om proffe innhaldsprodusentar som brukar SoMe som distribusjonskanal og når ut til målgrupper som er relevante for reiselivet i regionen. Erfaringane våre med dette er svært gode. Fleire av innlegga som har vorte posta under desse turane, har nådd ut til tosifra millionar reiselystne på Instagram og Facebook. Relevansen til dyktige influencers aukar i takt med åra, og det same gjeld kostnaden for å få dei inn. Me kjem difor til å ta betalt for å vera med på slike aktivitetar framover.

Pakke 1: 20.000

Pakke 2: 35.000

Pakke 3: 50.000

Pakkane er ein kombinasjon av organisk og betalt rekkevidde via influencarane sine kanalar. Fellesnemnaren for alle pakkane er at me fokuserer på å nå ut til kortreiste marknader - eksempelvis Noreg, Benelux, UK & Tyskland. Me jobbar også mot oversjøiske marknader som USA og Kina, men då ofte gjennom andre kanalar.

Døme tysk:

Geo: Storybyar i Tyskland med direkteforbindelse til Bergen

Demo: Alderen 25-55. Urban dweller. Double income no kids.‍

Målsetjing for antall visningar: +2,5 millionar‍

Målsetjing for rekkevidde: +800.000

Døme norsk:‍‍

Geo: Byar sør for Trondheim - primært Bergen og Oslo

Demo: Alderen 25-60 med interesse for 1) adventure 2) mat og kultur 3) natur

Innhaldsproduksjon:

Elles held me fram med den omfattande satsinga vår på innhaldsproduksjon med spreiing på sosiale medier og andre digitale kanalar. Me har avsatt ein dedikert ressurs med fokus på SoMe og produksjon av inspirerande innhald og konsept.

Eit godt døme på innhalds-arbeidet vårt er “Stories from Hardanger” der me går tett på og dokumenterer arbeidet og kvardagen til vertskapet i Hardanger. Dette er større produksjonar der du som medlemsbedrift er med å finansiera både produksjon og distribusjon. Kvaliteten på både sluttprodukt og sjølve produksjonen er i det øvre sjiktet. Det gjer at innhaldet vil ha lang levetid og det vert tilpassa distribusjon i ulike kanalar - eksempelvis heimeside, SoMe, presentasjonar, B2B, TV, tradisjonelle medier, o.l.

Internasjonale kampanjar i samarbeid med Fjord Norway:

Også i år jobbar me tett saman med landsdels-selskapet Fjord Norge og deira satsingar mot utanlandsmarknaden. Dette er sesongutvidande kampanjar som fokuserer på dei største ikona i regionen for å skapa merksemd i den utanlandske marknaden.

Medlemsverksemder i Visit Hardangerfjord kan også kjøpa seg ekstra synlegheit i desse kampanjane, som har ei minimumsinvestering på 30.000 per sesong. Kampanjane, som går for seg om hausten og vinteren, er retta mot fylgjande marknader:

Tyskland / USA / UK / Nederland / Sveits / Asia / Spania / Italia / Frankrike

Desse er valgt ut på bakgrunn av viktigheiten for reiselivet, vekstpotensial og vår tilgjengelegheit til marknadane.

Her kan ein nå ut ut til aktuelle målgrupper innan adventure, kultur / mat og mainstream naturinteresserte.

Ta kontakt med Sjur eller Andreas for meir informasjon.

Fellesnemnaren i B2C-arbeidet vårt er merkevarebygging, tilpasningsdyktigheit og bygga vidare på den sterke posisjonen Hardanger kan skilta med mot ein norsk marknad, samstundes som me jobbar aktivt mot dei internasjonale marknadane.

Last ned

Andre innlegg