B2B

Hardangerfjord Luncheon London 2025

Tradisjonen tru arrangerer me Hardangerfjord Luncheon i London - for 41. gong.

Hege Vedvik
22.5.25

Hardangerfjord Luncheon London 2025

No er det allereie 2 år sidan førre gong me arrangerte Hardangerfjord Luncheon. I desember 2023 samla me ca 30 turoperatørar frå UK, då fekk medlemmene våre, i tillegg til nærliggande regionar høve til å presentere seg sjølve og få personlege møter med dei. Me fekk mykje gode tilbakemeldinger frå både deltakarane frå UK og dei norske deltakarane.

No har me sendt ut invitasjon til våre medlemmer, dersom du/de ikkje har fått denne må de gjerne ta kontakt.

Kvifor bør du delta?

💼 Direkte kontakt med turoperatørar: Du får ein eksklusiv moglegheit til å presentere produkta dine og knyte verdifulle forretningskontaktar.

🍽️ Uformelle nettverksmoglegheiter: Bygg gode relasjonar over ein delikat lunsj i ei avslappa og hyggeleg atmosfære.

Eventet inkluderer ein kort presentasjon (5 min.) av di verksemd ovanfor britiske turoperatørar, mini-workshop/individuelle møter med relevante turoperatørar og felles lunsj etterpå.

UK har historisk vore ein viktig utanlandsmarknad for Hardanger, og Hardangerfjord Luncheon har vore eit naturleg treffpunkt mellom bransjen og turoperatørar i UK.

UK hadde ganske flat utvikling i Hardanger før pandemien. No ser me ei betydeleg auke, med heile 37% vekst frå UK til hotell i Hardanger-regionen i 2024. Dette er formidabelt i samanlikning med resten av landet.

Håpar de ynskjer å være med på Hardangerfjord Luncheon i 2025. Det er stor interesse kring eventet så det vil bli "fyrstemann til mølla" prinsippet.

Last ned

Andre innlegg