B2C

Kontinuerleg utvikling

Ny funksjonalitet prioriterer medlemmer og gjer turistar si reise frå inspirasjon til booking enklare.

Sjur Vågen
21.2.25

Kontinuerleg utvikling gjev resultat

Visit Hardangerfjord held fram med å oppdatera Hardangerfjord.com. For å ha ei så god og aktuell side som mogleg, krever det at me kontinuerleg utviklar denne viktige portalen for reiselivet i Hardanger-regionen. I denne omgang er det snakk om ganske små oppdateringar, men dei er med å få opp kvaliteten på sida.

Denne veka fekk me på plass fylgjande oppdateringar:

  • Ein ny og meir dynamisk Instagram-modul på framsida som gjer det enklare for turisten å finna inspirasjon til reisa si. Koblinga mellom SoMe og web er utruleg viktig, og i takt med åra, aukar trafikken frå SoMe-kontoane våre til nettsida. Det er ikkje tilfeldig. Me brukar noko som heiter Link-in-bio. Her vert ein sendt inn på aktuelle landingssider, produktsider, o.l, direkte frå Instagram. Med andre ord; Det gjer vegen frå inspirasjon til kjøp mykje kortare og enklare.
  • Alle kommunane i Hardanger er med på web-løysinga til Visit Hardangerfjord, der dei har ansvar for sine dedikerte område. No har me fått på plass ei ordning som gjer at medlemmer i Visit Hardangerfjor får prioritert synlegheit i opplistingar på desse kommunesidene. (saka held fram under bilete)
Døme frå Kvinnherad sine undersider. No får medlemmer i Visit Hardangerfjord langt betre synlegheit her enn tidlegare.

  • Eit nytt sesongfilter som gjer det mykje enklare å finna informasjon om ulike produkt gjennom heile året.

Dette er som sagt mindre, men viktige endringar. Utover dette jobbar me også med ei rekke større oppdateringar på nettsida som me håpar å kunna lansera no snart. Desse vil vera med på å løfta nettside-opplevinga med fleire hakk. Me oppdaterer dykk så snart ting er klart!

Last ned

Andre innlegg