Intern

Retning for framtida: Ny reiselivsstrategi for Hardanger-regionen

Startar arbeidet med regional reiselivsstrategi.

Andreas Skogseth
21.5.25

Ny reiselivsstrategi for Hardanger

Margit Lund Mikkelson er no tilsett som prosjektleiar i Visit Hardangerfjord for å leie arbeidet med å utvikle ein ny, felles reiselivsstrategi for Hardanger. Prosjektet omfattar kommunane Eidfjord, Ulvik, Kvam, Ullensvang og Kvinnherad, og markerer starten på eit viktig strategisk løft for regionen.

Prosjektet hadde oppstart i mai 2025, og skal etter planen pågå i eitt år. I løpet av perioden skal det utarbeidast ein langsiktig og forankra strategi for reiselivet i Hardanger – med klar retning for vidare utvikling og betre samspel mellom næring, kommunar og innbyggjarar. Strategiarbeidet skal òg leggje grunnlaget for at Hardanger kan starte prosessen med berekraftssertifisering gjennom Innovasjon Noreg si merkeordning.

Strategi for ei ny tid

Strategiarbeidet bygger vidare på eit forprosjekt frå 2022, men skal no oppdaterast og tilpassast dagens reiselivslandskap.

– Verdsbiletet, reisevanar og forventningar har endra seg mykje sidan førre kartlegging. Målet vårt er å utvikle eit reiskap som gir både oversikt og retning, og som kan brukast av både kommunar, næringsaktørar og Visit Hardangerfjord sjølv, seier Mikkelson.

Ho kjem frå stillinga som leiar for besøkssenter og hotell ved Baroniet Rosendal, og har brei erfaring frå både operativ og strategisk utvikling innan reiselivet – mellom anna som rådgjevar i Kvinnherad kommune. Ho har utdanning i reiselivsleiing frå The Emirates Academy i Dubai, BI og UiT – der ho for tida skriv masteroppgåve om regenerativt reiseliv.

Mikkelson har også solid innsikt i verdien av lokalt engasjement og breitt samarbeid, etter mange år med aktiv deltaking i regionale kultur- og reiselivsinitiativ.

I samband med tiltredinga som prosjektleiar i Visit Hardangerfjord, vil Margit tre ut av rolla som styremedlem og styreleiar i Visit Hardangerfjord ved generalforsamlinga i juni.

Tydeleg behov for felles retning

Strategien skal ta opp i seg både moglegheiter og utfordringar i regionen. Hardanger er eit av landets mest tradisjonsrike reisemål, og har hatt stor vekst dei siste åra. I 2024 hadde regionen den høgaste veksten på Vestlandet, og det er ventet vidare auke i 2025. Med vekst kjem òg behov for betre samordning og berekraftig forvaltning av ressursane.

– Det er ei sterk forventning frå både kommunar og næringsliv om at vi skal ha ein strategi som gir felles retning og felles prioriteringar. Det er òg eit vilkår for å kunne gå vidare med arbeidet med berekraftsmerkinga. Vi er glade for å ha fått Margit inn i denne rolla – ho kombinerer god lokal forankring med solid fagleg forståing og lang erfaring frå ulike sider av reiselivet, seier Andreas Skogseth, dagleg leiar i Visit Hardangerfjord.

Felles innsats, brei forankring

Strategien skal utviklast i tett samarbeid med kommunar, næringsliv og innbyggjarar. Målsettingane er tydelege: auka lokal verdiskaping, fleire heilårsarbeidsplassar, styrkt besøksforvaltning og tiltak som gir betre balanse mellom gjest og lokalsamfunn. Ein styringsgruppe er under etablering, og i juni legg prosjektleiinga ut på rundreise i regionen for å møte aktørar og hente inn innsikt.

Mikkelson ser fram til å kome i gang:

– Eg gler meg til å samarbeide med dykk alle, og håpar mange vil bidra inn med både innsikt og idéar. Hardanger har store ressursar og store ambisjonar – saman kan vi byggje eit reisemål som ikkje berre er sterkt i dag, men berekraftig og framtidsretta i tiåra som kjem.

Last ned

Andre innlegg