B2B

Hardanger i Milano

Hardanger i fokus på bransjeevent i Milano

Andreas Skogseth
8.2.25

Vårt første bransjeevent i Milano er gjennomført med suksess!

Italia er eit veksande marknad med aukande interesse for Hardanger og våre naboregionar. Sjølv med nasjonal togstreik på arrangementsdagen var oppmøtet godt, og vi fekk møte ei rekkje turoperatørar frå heile Nord-Italia som anten sel eller planlegg å selje «the Nordics».

Arrangementet fann stad på Westin Palace i Milano og starta med ei marknadsoppdatering frå Visit Norway ved Marco Bertolini dagen i førevegen. Sjølve eventdagen baud på inspirerande presentasjonar, éin-til-éin-møter, nettverksbygging og lunsj. Under eventet fekk gjestene også smake på lokalproduserte spesialitetar som sider frå Aga Sider (kjøpt inn via deira grossist i Italia) og røykelaks frå Lingalaks og Akvasenteret i Hardanger.

I tillegg til mat og drikke fekk deltakarane ei kulturell oppleving frå musikar Alexander Røynstrand, som spela på Hardingfele og fortalde om instrumentet sine djupe røter i Hardanger. Han delte innsikt i korleis besøkande kan lære meir om denne unike musikktradisjonen og oppleve den på nært hald i Hardanger.

Italia - ein marknad i vekst

Italia har opplevd ein auke på rundt 20 % i trafikk til Noreg, og dei største drivkreftene er naturattraksjonar som fjordar og nordlys. Samstundes ser vi ei aukande interesse for mat og kultur, med ei betalingsvillig målgruppe som ønskjer autentiske opplevingar.

Ein tydeleg trend er auken i sal via turoperatørar, spesielt av såkalla «self-drive»-pakkar der operatørane skreddarsyr heile reiseruter, inkludert fly, leigebil, overnatting og opplevingar. Etter pandemien har denne trenden forsterka seg, då mange ønskjer ekstra tryggleik og føreseielegheit ved bestilling av ferie.

Turoperatørane rapporterer også om auka etterspurnad etter lengre opphald i regionen, noko som gir ei spennande moglegheit for Hardanger som destinasjon. Dette samsvarer godt med vårt mål om å auke opphaldslengda og skape større lokal verdiskaping, særleg i lågsesongen.

Samarbeid for å løfte regionen

Vi rettar ein stor takk til alle våre deltakande samarbeidspartnarar frå Hardanger, samt våre naboregionar Bergen, Haugesund og Ryfylke. Saman har vi presentert ei heilskapleg reiseoppleving, noko bransjen verdsette. Ein ekstra takk går til Visit Norway/Innovasjon Norge og Marco Bertolini for eit godt samarbeid i planlegging og gjennomføring av eventet.

Neste moglegheit for å promotere Hardanger blir under vårt neste event i London den 1. desember: Hardangerfjord Luncheon. Påmelding til dette kjem snart!


Last ned

Andre innlegg