B2B

Marknadsføring ut i verda

I løpet av 2024 skal me ut i verda og marknadsføre Hardangerfjorden i tillegg til å ta i mot visings- og presseturar.

Hege Vedvik
5.2.24

Planlagte workshops og visningsturar

Me har sett opp ein plan for 2024 når det gjeld marknadsføring ut i verda - og å ta i mot turoperatørar/pressefolk. Alt er ikkje på plass endå, men grovskissa er slik:

- 31. januar og 1. februar gjennomførte me ei digital workshop, "Nordic Marketing - Nordeuropa 2024" med turoperatørar og incoming agentar frå Europa. Det var lange dagar med mange positive, individuelle møter. Me lagar alltid ein presentasjon med bilete og lenkjer til medlemsverkesmdene våre, som me sender deltakarane i ettertid.


- 6. februar er det workshop i Zürich - Sveits i samarbeid med flyselskapet Edelweiss Air og Fjord Norge. Det er særs viktig for oss som reisemål å få direktefly frå stader i Europa til Bergen. Slik me har frå til dømes Dublin, Edinburg, London, Liverpool, Hamburg, München osb.

- 12.-14. februar får me besøk av internasjonale turoperatørar for at dei skal få oppleve Hardanger om vinteren. Dei skal gå på truger til Trolltunga så me håpar at været blir bra og at dei får eit strålande inntrykk av regionen vår.

- 18.-21. mars arrangerer Innovasjon Norge workshop i Paris og Milano, slik at me får moglegheit til å framstille Hardangerfjorden som ein attraktiv region å reise til. Me får ein heil dag med møter i Paris, og ein heil dag med møter i Milano. Både Frankrike og Italia er viktige land å være synleg i framover - spesielt dersom klimaet i sør-europa held fram å være varmt og tørt om sommaren.


- 5 april er me tildelt "pretur" for NTW (Norwegian Travel Workshop) Dette er ein visingstur for internasjonale deltakarar som skal vidare på NTW. Dette er ei gruppe på ca 15 personar som skal besøke Ulvik før dei reiser vidare til Sogn og Trondheim.

- 8.-11. april er det NTW i Trondheim - dette er den største arenaen i Norge for å møte turoperatørar og incoming agentar. Det er ei årleg B2B-hending som finn stad på ulike plassar i Norge frå år til år, i regi av Innovasjon Norge. Her møtes til saman ca 700 deltakarar og har intensive møter og ulike samlingar for at utanlandske deltakarar skal bli betre kjent med Norge og kva me kan tilby.

- 19. september er det Nordic Workshop i Hamburg for DACH marknaden. Innovasjon Norge likar å kalle denne for "the little sister event" til NTW for den tysktalande marknaden. Her får ein moglegheit til å knyte kontaktar/få nye samarbeidspartnarar eller rett og slett å oppretthalde nettverket ein har frå før. Dette er ein særs viktig marknad for oss som har vore på topplista vår av besøkande i mange år.


- 28. oktober til 1. november skal me, for fyrste gong sida covid, reise til Asia på "Scandinavian Roadshow". No byrjar denne marknaden å "vakne opp" att og då er det viktig at me er på plass med innsalg. I løpet av ei veke skal det være workshop i Beijing, Chengdu og Shanghai, som skal dekke store deler av potensielle samarbeidspartnarar i det asiatiske området. I tillegg til dette har me samarbeid om digital marknadsføring for denne marknaden på deira plattform.

- 2. desember, på tampen av året, har Visit Hardangerfjord ein lang tradisjon av å arrangere "Hardangerfjord Lucheon" i London. Der mange av våre medlemmer er med for å marknadsføre sine verksemder til Britiske turoperatørar. I 2023 var det 40'ende gongen denne workshop'en vart arrangert, det var ein suksess me har lyst å gjenta dette året.

Dette er i grove trekk det me har meldt oss på av workshops det komande året. Når det gjeld visings- og presseturar kjem det til å dukke opp meir undervegs, for der er ikkje alt planlagt endå. Me ser verkeleg fram til eit travelt og innhaldsrikt komande år på marknadsføringsfronten.

Last ned

Andre innlegg