B2C

Ny marknadsføring nådde millionar

Visit Hardangerfjord byrja i sommar med influencer marketing. Resultata er svært gode.

Sjur Vågen
2.9.19

Ny marknadsføring nådde millionar

Visit Hardangerfjord har dei siste månadane hatt eit auka fokus på digital marknadsføring, innhaldsproduksjon og sosiale medier. I den forbindelse byrja me i sommar med noko som heiter «influencer marketing». Det er ei form for marknadsføring der ein jobbar saman med personar / grupper somer store på sosiale medier.

Foto: Ása Steinars

I juni hadde me besøk av Mitt Norge og åtte ambassadørar i samarbeid med Trolltunga Adventures. Målet var å visa aktive opplevelsar me har i regionen. Samla hadde dei 873.000 fylgjarar på Instagram og i underkant av 700.000 på Facebook. Målgruppa og fylgjarskaren deira (som er alfa omega når ein jobbar med influencers) var reiselystne personar i Noreg, Skandinavia og utvalgte europeiske storbyar.

Tala viser at innlegga og oppdateringane deira nådde ut til heile 3,46 millionar personar. Dette er svært gode tal, og spesielt kjekt når ein ser på målgruppa deira. Alle innlegg og oppdateringar var også godt merka med kvar dei kvar, kva aktivitet dei var med på, osv.  

Eit anna døme på Influencer-marknadsføring er eit samarbeid med hadde med Marvin Kuhr seinare på sommaren. Han er ein dyktig fotograf og influencer frå Tyskland. Han har vore i Hardanger-regionen fleire gonger før, men aldri på oppdrag for Visit Hardangerfjord. I løpet av fem dagar tok han fleire bilete for oss som vart publisert på Instagram-kontoen hans. Også denne turen er me svært nøgde med.

I tillegg til å få svært gode bilete til eige bruk, nådde innlegga hans ut til fleire millionar. Bileta, som er godt merka med kvar dei er tatt, har vorte plukka opp av blant anna Roam The Planet, som er veldig populær konto på Instagram.

Dei gode erfaringane gjer at me allereie er i dialog med Mitt Norge, Marvin og andre dyktige influencers med riktig målgruppe om fleire samarbeid i framtida.  

Andre innlegg