Intern
Visit Hardangerfjord inviterer deg som jobbar med reiseliv i Hardanger og naboregionar til Hardanger Next 2025 – ein to-dagars konferanse med fokus på framtid, kommersialisering, berekraft og utvikling.
Her møtast bransjen for å dele suksesshistorier, diskutere trendar og utforske nye moglegheiter. Dag 1 byr på inspirasjon, foredrag, workshops og nettverksbygging.
I år utvidar vi med ein ekstra dag (valfri) dedikert til å styrkje samarbeid og sal mellom aktørar i regionen. Målet? Å skape lengre opphald, auka lokal verdiskaping og eit meir berekraftig reiseliv.
Hald av datoane 26. - 27. mars 2025 – meir informasjon om program og påmelding kjem snart. Vi lanserer også rabatterte “early-bird”-prisar fram til jul.