B2C

Tildelt Målprisen 2022

Tidlegare i vinter vart Visit Hardangerfjord tildelt Hordaland Mållag sin Målpris for 2022.

Sjur Vågen
24.3.22

Tildelt Målprisen 2022

Den årlege prisen går til ei verksemd, institusjon eller person mållaget meiner har gjort ein innsats for å fremja og ta vare på nynorsken.

Me har jobba hardt og lenge med å få fram tradisjonar, kultur og identitet i marknadsføringa vår. Visit Hardangerfjord er difor utruleg takksame og stolte over å motta denne prisen. Sjølv om det diverre er enklare å få digital merksemd på bokmål, har det aldri vore aktuelt for oss å nytta noko anna enn det flotte skriftspråket vårt.

– Sjølv om me gjekk for nynorsk, hadde me svært gode resultat av marknadsføringa vår. Me har aldri hatt fleire klikk på annonsane våre eller besøk på nettsida vår, og det med nynorsk som skriftspråk.

I grunngjevinga til Hordaland Mållag stod det fylgjande:

«Visit Hardangerfjord, destinasjonsselskapet tilHardanger-regionen, har det siste året styrkt satsinga si på nynorsk. Verksemda har sidan oppstart nytta både engelsk, nynorsk og tysk i marknadsføringa si, men då dei utanlandske gjestene «forsvann» under COVID 19-pandemien, bestemte dei seg for å bruka nynorsk på alle kommunikasjonsflater. I same periode har dei jobba fram eit nytt marknads- og kommunikasjonskonsept som skal koma nærare på hardingane og tradisjonane deira. Språk og identitet er ein sentral og viktig del av dette.»

Last ned

Andre innlegg