B2C

Annonsefristen nærmar seg

No girar me opp for neste sesong og håpar de vil annonsera i den viktigaste trykksaka for reiselivet i regionen.

Sjur Vågen
11.10.23

Godt i gang med HFG2024

Hardangerfjord Guide har vore eit svært populært hjelpemiddel blant både utanlandske og norske turistar i ei årrekke, og ingenting tyder på at denne trenden er i ferd med å snu. Me er jamnleg ute på distribusjonsrundar i Hardanger og omegn, men det er ikkje berre her i regionen brosjyrane er populære. Me har sendt til turistkontor i heile Noreg, og det er jamn etterspurnad etter alle tre språk (norsk, engelsk og tysk). Sjølv med eit stort opplag, er me snart heilt tomme på lageret. Dette understrekar kor stort behovet framleis er for gode trykksaker blant dagens turistar. No girar me opp for neste års sesong og håpar medlemmene våre vil vera med på laget og annonsera i den viktigaste trykksaka for reiselivet i Hardanger-regionen.

NB: Det er populært å annonsera i trykksakene våre, og årets utgåve er intet unntak. Me har allereie selt fleire annonser - både heilsider, dobbeltsider og kvartsider – men det er framleis ledige plassar. Side 2, baksida og midtsida er dog ikkje ledig.  Medlemmer får, som vanleg, god rabatt på annonser.

Send mail til magasin@hardangerfjord.com dersom du/de vil annonsera! 

Prisar, fristar og lignande kjem fram i vedlagt annonseinvitasjon.

Last ned

Andre innlegg