B2C

Årets Hardanger Ferietips i nytt og forbetra design

Charlotte Lingener
12.3.21

Annonsesal er i gang

Visit Hardangerfjord er i gang med å produsera Hardanger Ferietips 2021. I år vert det nytt design og utforming, der vi går vekk i frå avis-format og legg hovudvekt på sjølve kartet som er hovudelementet i denne produksjonen.
Årets Hardanger Ferietips kjem både som kartblokk-versjon, til distribusjon over skranke i dei lokale turistinformasjonskontora samt at det også vert laga ei bretta/ned-falsa versjon som det er lettare å få plass til i hyllene, til dømes i Bergen turistinformasjon.
I kartet vil det vera referansar til attraksjonar og aktivitetar i regionen, men også til annonsørane!
Kostnader knytt til annonsering og produksjon er redusert, samstundes som bruksområdet til publikasjonen aukar.

Annonsesal er i gang, og annonseplassane er avgrensa - her er det «første mann til mølla» prinsippet som gjeld, så ting din annonse snarast og seinast onsdag24. mars!
Skriftleg tinging til: magasin@hardangerfjord.com

Annonsepriser for medlemane i Visit Hardangerfjord
Modul 1 (65mm x 47mm) NOK 5000
Modul 2
(134mm x 47mm) NOK 7000
Modul 3
(134mm x 99mm) NOK 8500
Ta kontakt med Visit Hardangerfjord for meir informasjon om annonsespesifikasjonar eller meir informasjon om sjølve publikasjon.

Andre innlegg