B2C

Aukar satsinga på heilårsturisme

Visit Hardangerfjord har gjort ei rekke tiltak for å marknadsføra regionen utanfor hovudsesong.

Sjur Vågen
7.11.19

Aukar satsinga på heilårsturisme

Hardanger-regionen er eit ynda reisemål om sommaren, men slit med å tiltrekka turistane i skulder-og vintersesongane. Å få til bærekraftig heilårsturisme står svært sentralt i arbeidet til oss i Visit Hardangerfjord. Difor har me i år gjort ei rekke tiltak for visa kor flott regionen er også no på hausten og vinteren:

I år er me med på GoViking. Det er ein internasjonal kampanje der me viser alt ein kan finna på i regionen på hausten og vinteren. Saman med Fjord Noreg, har me produsert opp filmar og foto som skal brukast på sosiale medier, i aviser og på nettsidene våre. Alt innhaldet vert målretta annonsert mot ein internasjonal marknad.

Innhaldsartiklar med bilete og videoar frå regionen har vorte publisert på Shermans Travel, ei stor utanlandsk reiselivsside. Hardanger og Bergen har fått sin eigen artikkel, og alle produkta som kjem fram i artikkelen vert linka direkte til produktsidene på Visit Hardangerfjord og Fjord Noreg.

Som de kanskje har fått med dykk, har innhaldsproduksjon stått sentralt i arbeidet vårt det siste året. Me har hausta gode frukter av denne satsinga, og me ser ei stadig aukande interesse for deling og bruk av alle dei flotte bileta og videoane me har fått produsert. Blant anna får me heilt nye presentasjonssider på Visit Norway. Dette er noko alle destinasjonar i Noreg får, men me står langt framme i køen grunna innhaldet. Spesielt kjekt er det at me også får nye destinasjonssider på vinterstid, noko få andre destinasjonar kan skilta med. Me samarbeider godt med Visit Norway, og dei ynskjer å hjelpa oss i det viktige arbeidet om å gjera Hardanger-regionen til ein bærekraftig heilårsdestinasjon. Me kjem til å laga eigne artiklar om dei nye presentasjonane når dei er klare.

Det er viktig å ikkje skapa konkurranse mellom årstidene i satsinga vår på heilårsturisme. Kvar årstid har noko unikt å visa til, og det er dette me viser fram i alle tiltaka og innhaldet me har produsert.

Ynskjer du å ta del i både internasjonale og nasjonale kampanjar med oss i Visit Hardangerfjord? Ta gjerne kontakt med oss!

Skjermdump frå artikkelen i Shermans Travel
Last ned

Andre innlegg