B2C

Aukar satsinga på kultur og arrangement

No kan du registrera arrangementa dine på nettsidene våre heilt gratis!

Sjur Vågen
6.2.20

Aukar satsinga på kultur og arrangement

Visit Hardangerfjord ynskjer å løfta fram alle dei flotte arrangementa i Hardanger-regionen. I den forbindelse har me fått på plass eit skjema der du enkelt kan registrera arrangementa dine!

Dersom dei vert godkjent, vert dei synlege på våre, Fjord Norway og Visit Norway sine nettsider.

I tillegg til god marknadsføring gjennom desse kanalane, får me i Visit Hardangerfjord også mykje betre oversikt over kva som skjer i regionen. Me vil difor oppmoda dykk til å registrera alle arrangementa dykkar – alt frå mindre til større arrangement og hendingar.

Slik fungerer det:

1: Legg inn informasjon (tekst, bilete, dato, osv) om arrangementet ditt her: https://www.hardangerfjord.com/arrangement/registrer-ditt-arrangement

2: Du får ein e-post om at arrangementet er lasta opp og sendt til godkjenning. 

3: Visit Hardangerfjord ser gjennom arrangementet. Dersom all naudsynt informasjon kjem fram, vert det lasta opp på våre, Fjord Norway og Visit Norway sine sider. Dersom noko er feil eller me ser at noko manglar, får du ein e-post om å endra dette før publisering.  

Dersom du har nokre spørsmål, send ein e-post til info@hardangerfjord.com

Foto i saka: Bygdalarm

Last ned

Andre innlegg