B2B
Hardanger har mykje å by på - dette skal me prøve å formidle på forskjellige plattformar i løpet av 2023.
Me er med på fleire workshops og messer i Europa for å marknadsføre Hardanger og alt me har å by på. Det er veldig kjekt å sjå entusiasmen til dei som er interessert i Norge og Hardanger som destinasjon. Hardanger vert sett på som rein og frodig, med flott natur.
Me deltek også på digitale workshops. Her møter med turoperatørar frå Europa, ofte går desse over to dagar. Etter møta på "skjerm" sender me presentasjon på e-post slik at deltakarane får kontaktinformasjon til medlemmene våre og meir informasjon om aktivitetar, attraksjonar og overnattingsmoglegheiter.
Ved å være medlem av til dømes ETOA Nordic Tourism Collective vert me invitert på workshops og messer som dei arrangerer.
Snart er det Norwegian Travel Workshop (NTW) som er i Oslo i år. Dette er Norges største workshop med ca 350 kjøparar frå heile verda. Dette er alltid ein kjekk møteplass der heile Norge får vise fram alt me kan by på. Her har eg vanlegvis fullt opp med møter. I ettertid av NTW får me besøk av tysk turoperatør som eg skal ta godt vare på i eit døgn før eg sender henne vidare til Bergen.
I juni skal me ha Turistkontormøte – Sesongopning hos ei av våre nye medlemsverksemder, Hallvardsnaustet i Strandebarm. Her blir alle turistkontora og medlemmene våre invitert til å delta og til å halde eit lite innlegg for å informere om verksemda si. Turistkontora vil informere om kva som skjer i sin region denne sesongen.
I september blir det oppsummeringsmøte for Turistkontora.
Til hausten er planen at me skal delta på Nordic Workshop i Frankfurt. Der ein får moglegheit til å snakke varmt om Hardanger til den tyske marknaden.
Seinare på hausten er det planlagt roadshow i USA – Nord Amerika. Det er ikkje sett dato eller program endå, men me har meldt vår interesse og sagt at me ynskjer å være med.
I november pleier det å være digital workshop i to dagar med turoperatørar frå Frankrike og Italia
Me vil prøve å gjennomføre Hardangerlunsj i London igjen dette året, noko som har lagt på is sida tida med korona. Me held på å sjekke opp i lokaliteter og interesse for dette.
Innimellom alle desse aktivitetane er det 3 presseturar på gang i vår/sommar, eit par visningsturar og små aktivitetar og besøk som me tar på sparket etter kvart. Me har fått godt utbytte av presseturane me hadde i fjor, så me håpar på god omtale i heimlanda til jorunalistane.
Me har fått ein del nye medlemmer og gode tilbakemeldingar frå desse. Det er kjekt at dei ser verdien av å være medlem hos oss (slik som Gjerde Felemakeri)
Det vert også sendt ut kvartalsvise nyhetsbrev til om lag 3500 turoperatørar, medlemmer og andre interesserte.