B2C

Marknadsføring mot individuelle turistar i 2023

Les om B2C-marknadsarbeidet Visit Hardangerfjord gjer i 2023 og korleis du kan ta del i det.

Sjur Vågen
8.11.23

Marknadsføring mot individuelle turistar

Kjøp annonser og auk synlegheita gjennom Visit Hardangerfjord. Me tilbyr ei rekke ulike annonser og tenester tilpassa behov og budsjett. Les meir om dei mange ulike alternativa her.

Visit Hardangerfjord har dei siste åra jobba med å auka relevansen vår og forbetra tenestene våre. Blant anna har me sett mykje på korleis me kan tilby medlemsverksemder ulike verktøy og metodar for å gje auka synlegheit opp mot nasjonale og internasjonale gjester. Dette viste seg spesielt viktig under COVID-19, men behovet er minst like stort no i kjølvatnet av pandemien. Resultatet er ei rekke nye tenester og annonsemoglegheiter - ikkje berre annonser i trykksaker - som de no kan ta del i.

Internasjonale kampanjar i samarbeid med Fjord Norge

Også i 2023 jobbar me tett saman med landsdels-selskapet Fjord Norge og deira satsingar mot utanlandsmarknaden. Dette er kampanjar for å utvida sesongen i regionane, som til dømes Springfulness-kampanjen Visit Hardangerfjord var med på i 2022. Me har fokus på dei største ikona i regionen for å skapa merksemd i den utanlandske marknaden. Medlemsverksemder i Visit Hardangerfjord kan også kjøpa seg ekstra synlegheit i desse kampanjane, som har ei minimumsinvestering på 30.000 per sesong. Kampanjane, som går for seg om sommaren, hausten og vinteren, er retta mot fylgjande marknader:

Tyskland / USA / UK

Her kan ein nå ut ut til aktuelle målgrupper innan adventure, kultur / mat og mainstream naturinteresserte.

Ta kontakt med Sjur eller Andreas for meir informasjon.

Annonsepakkar på sosiale medium (SoMe):

Ta i bruk Hardanger-merkevara og skil deg ut på sosiale medier.

Mange av medlemmene våre er usikre på korleis dei skal nå ut til potensielle kundar på SoMe. Samstundes er det utruleg viktig for næringa å vera til stades i desse kanalane. Difor tilbyr Visit Hardangerfjord ulike pakkar for å nå ut til ønska målgruppe på ein effektiv og god måte. Stadig fleire av medlemmene våre nyttar seg av dette tilbodet, og det er ikkje utan grunn. Ifylgje tal frå Facebook og Instagram (Meta) har nemleg annonsane prestert godt over bransjesnitt både når det kjem til klikkfrekvens, rekkevidde og engasjement!

Dei ferdige pakkane, som er tilpassa både mindre og større bedrifter, kostar fylgjande:

10.000
20.000
30.000
40.000
50.000.

Ta kontakt for påmelding og meir informasjon om dei ulike pakkane.

Døme på annonsering

Annonsering på nettsida:

Visit Hardangerfjord kan skilta med ei rivande utvikling på Hardangerfjord.com dei siste åra. Besøkstala har auka med fleire hundre prosent, turistane klikkar seg inn på fleire undersider per besøk og ei rekke nye, inspirerande funksjonar er lansert. Det gjer at fleire har tatt kontakt med oss for å skilja seg ut i mengda og nå ut til relevante målgrupper på ein kostnadseffektiv måte.

I nokre opplistingar ser de ei «hardanger-rose» og/eller «sponsa» oppe til høgre på dei omtalane som kjem fyrst. Dette er betalte plasseringar. For dei som ikkje kjøper seg større merksemd / synlegheit, får dei omtale som vanleg i opplistinga. Rekkefylgja er heilt tilfeldig og vert oppdatert kvar natt.

Bilete er kun meint som eit døme. Det betyr ikkje nødvendigvis at desse aktørane har kjøpt desse annonsane.

Pris for å koma fyrst i opplisting:

1 månad: 7.500 + mva
Tre månader: 15.000 + mva
Halvt år: 25.000 + mva

NB: Det er avgrensa plassar for dette.

Ved kjøp av enkelte annonsepakkane våre på SoMe, kan ein kjøpa seg skreddarsydde landingssider på Hardangerfjord.com. Hotel Ullensvang kjøpte ein SoMe-pakke i haust. I den forbindelse ville dei ha eit scrolling essay som viste alt ein kunne gjera på hotellet, samt alt ein kunne oppleva med hotellet som base. Sjå døme her

Dei leverte sendte over innhald (foto/video) og ønska bodskap. Visit Hardangerfjord tok seg av utforming og distribusjon.

Pris for skreddarsydde og inspirerande landingssider:

Frå 10.000 og oppover - avhengig av ynskjer og kva SoMe-pakke ein går for.

Alle medlemsverksemder får omtalar på våre, Fjord Norway og Visit Norway sine nettsider. Desse omtalane er framleis inkludert i medlemskapet og gjev deg god synlegheit fordelt på fleire ulike kanalar. Annonsane er meint som eit supplement / boost av desse. Dei medlemmene som har prøvd dette nye annonseformatet, melder om god verdi og auka besøkstal på eiga nettside.

Influencer-marknadsføring

Visit Hardangerfjord har dei siste åra nytta seg av influencer-marknadsføring med svært gode resultat. Dette er snakk om proffe innhaldsprodusentar som brukar SoMe som distribusjonskanal og når ut til målgrupper som er relevante for reiselivet i regionen. Erfaringane våre med dette er svært gode. Fleire av innlegga som har vorte posta under desse turane, har nådd ut til tosifra millionar reiselystne på Instagram og Facebook. Relevansen til dyktige influencers aukar i takt med åra, og det same gjeld kostnaden for å få dei inn. Me kjem difor til å ta betalt for å vera med på slike aktivitetar framover.

Pakke 1: 10.000

Pakke 2: 20.000

Pakke 3: 35.000 

Pakke 4: 50.000

Pakka er ein kombinasjon av organisk og betalt rekkevidde via influencarane sine kanalar. Dei me satsar på i år når ut til primært norske og/eller tyske gjester.

Døme tysk:

Geo: Storybyar i Tyskland med direkteforbindelse til Bergen

Demo: Alderen 25-55. Urban dweller. Double income no kids.
Målsetjing for antall visningar: +2,5 millionar
Målsetjing for rekkevidde: +800.000

Døme norsk:

Geo: Byar sør for Trondheim - primært Bergen og Oslo
Demo: Alderen 25-60 med interesse for 1) adventure 2) mat og kultur 3) natur

Dersom du/de er interesserte i å vera med på eit slik opplegg, kan de ta kontakt med Sjur eller Ingrid for meir informasjon.

TV-aktivitetar

Utover dette, kjem me til å halda fram satsinga vår på sponsing av ulike TV-program. Dei siste åra har me vore med på produksjonar som til dømes 71 grader kjendis, Tid for Hage, Helt Harald og Truls ala Hellstrøm. Denne aktiviteten er god merkevarebygging mot den norske marknaden, og det i ein kanal med svært lite støy frå konkurrerande verksemder. Me jobbar med eit konsept for hausten/vinteren. Her kjem me attende med meir informasjon.

Innhaldsproduksjon

Elles held me fram med den omfattande satsinga vår på innhaldsproduksjon med spreiing på sosiale medier. Me har avsatt ein dedikert ressurs med fokus på SoMe og produksjon av inspirerande innhald og konsept. Døme på dette er “Bli kjend med Hardingen” der me går tett på og dokumenterer arbeidet til vertskapet i Hardanger. Eit anna døme er “workcation”, som me gjer for å auka trafikken til regionen i skuldersesongane. Her har me akkurat hatt nokre rundar med innhaldsproduksjon som vert publisert og distribuert innan kort tid.

Fellesnemnaren i B2C-arbeidet vårt er merkevarebygging, tilpasningsdyktigheit og bygga vidare på den sterke posisjonen Hardanger kan skilta med mot ein norsk marknad, samstundes som me jobbar aktivt mot dei internasjonale marknadane.

Last ned

Andre innlegg