B2C

Besøksrekord på Hardangerfjord.com

Trafikken på heimesida vår har skutt til vêrs dei siste vekene!

Sjur Vågen
18.6.20

Besøksrekord på Hardangerfjord.com

Nettsidetrafikken på Hardangerfjord.com har aldri vore høgare enn no. Den stupte under dei fyrste vekene av koronapandemien, men no har me faktisk besøksrekord! Dette er me utruleg nøgde med. Ekstra gledeleg er det at over 80 prosent av nettsidetrafikken er nordmenn. Vanlegvis utgjer nordmenn 44 prosent av trafikken.

Dette er ein god indikasjon på at nordmenn er innstilte på å finna meir informasjon om feriering i Noreg, og ikkje minst at arbeidet vårt med presse, PR, sosiale medier og kampanjar har funka bra og truffe målgruppa.

Nøkkeltal:

·     Me ligg 32 prosent framfor tilsvarande periode i 2019.

·     Me ligg 57 prosent framfor tilsvarande periode i 2018.

·     Me ligg drøye 8 prosent framfor tilsvarande periode i rekordåret 2015.

Totalt har 84.000 unike brukarar vore innom Hardangerfjord.com så langt i år.

Last ned

Andre innlegg