B2C

Dei kulaste sommarjobbane i Noreg

Me har tilsett to sommarvikarar i år. Dei skal marknadsføra og produsera innhald frå regionen ut august.

Sjur Vågen
26.7.21

Dei kulaste sommarjobbane i Noreg

Tidlegare i sommar dukka det opp to nye ansikt hjå oss i Visit Hardangerfjord. Me publiserte «dei kulaste sommarjobbane i Noreg» i ulike kanalar, og me fekk inn utruleg mange søkarar til stillingane som innhaldsprodusent og marknadskoordinator.

Fyrstnemnde stilling gjekk til Yrjan Olsnes. Han er akkurat ferdig på fotofagskulen i Trondheim og er utruleg dyktig med både film og foto. Målet er at Yrjan skal vera minst mogleg på kontoret i sommar, men ute i «felt» for å produsera innhald frå regionen og medlemmene våre.

Håvard Jåstad kapra stillinga som marknadskoordinator. Også han er frå Bergen, men kjenner godt til regionen med både familie og hytte i Hardanger. Til vanleg tek han ei mastergrad i marknadsføring ved Aalborg Universitet i Danmark.

Håvard hjelper oss blant anna med å styra sosiale medier, produsera nye tekstar og omtalar på nettsida, samt utvikling av kampanjar.

Ta gjerne kontakt med oss viss de har nokre idear/forslag til kva dei kan/bør marknadsføra og spela inn innhald frå. Begge to er tilgjengeleg på mail: marknad@hardangerfjord.com

Last ned

Andre innlegg