Den kinesiske marknaden kjem snart tilbake.....

Kina opnar opp for utreise - enkeltreisande som har visum kan reise allereie, medan større grupper må vente litt.

Hege Vedvik
14.2.23

Kineserane får reise på ferie igjen

I dag har det vore eit webinar om den kinesiske marknaden og opninga av grensene igjen. Det var eit panel som bestod av; Miki Travel, Nordic Friend, Forward Keys, Global Match og Bing Wu.

Panelet kunne informere om at FIT's allereie no kan reise ut av landet så sant dei har papira i orden, altså visum og pass. Dei slit derimot med same problema som Europa på det området. Det er visstnok lange ventelister for å få visum - det er ingen ledige timar å oppdrive før i slutten av mars. Det same gjeld for dei som treng nytt pass. Dei har ikkje kapasitet og ressursar nok til å få fortgang i dette endå. Dei må også ta ein pcr-test som er mindre enn 48 timer gammal for å få reise, dei håpar at det blir klarare retningslinjer på dette etter kvart.

Panelet reknar med at kinsererane kan starte å feriere i Europa til sommarferien, men dei tenkjer at oktober er særs aktuell tidsmessig. Dei treng tid til å planlegge, til å ordne papira og forberede seg til å reise. Panelet meiner at kineserane må lærast opp til å reise igjen, fordi det er ein ny marknad.

Me må også nå fram til marknaden på nye måtar - panelet seier at sosiale media som Tik Tok og "Little red book" er plattformar som vert mykje brukt i Asia.

Det kjem også fram at pris alltid er ein sensitiv faktor, og for øyeblikket er Noreg og resten av Skandinavia veldig dyrt. Norden er ein "high end" marknad, medan Storbritania og Tyskland er meir "standard reisemål" i Europa. Panelet snakka også om at Sveits og Ungarn har gjort seg særs tilgjengelig for den kinesiske marknaden slik at dei har allereie begynt å reise til desse landa.

Tips frå panelet til land i Europa som ynskjer å selje seg inn er; Bli kjent med den kinesiske marknaden og måten deira å reise på. Legg til rette for dei slik at det blir enkelt for dei å komme. Vær synleg på sosiale media slik at ein fangar interessa deira.

Last ned

Andre innlegg