B2B
På to travle dagar harVisit Hardangerfjord fått gjennomført mange gode møter med både velkejnte og nye turoperatørar.
Det digitale systemet som vart etablert for å gjennomføre digitale 1:1 møter under årets NTW har fungert veldig bra. For å sikre at turoperatørar i frå alle tidssoner har mogelegheit til å møte norske partnarar i løpet av arbeidsdagen sin var det ope for møteavtalar i frå kl. 8:00 – kl. 21:00 både 8. og 9. september. Avtalesystemet var lett å bruke, og VHF si agenda vart fort fylt med gode avtaler.
Nytt i år var at ein del heilt nye turoperatørar, som vanlegvis ikkje har Norge i programmet sitt, deltok NTW for å undersøkja nye mogelegheita. Gjennomgåande, så vert Norge sett som trygt reisemål som passer perfekt i forhold til dei nye «post-korona» reisetrendar, der kundane spesielt ser etter reisemål som byr på natur, opplevingar med lokalt forankring og «god plass».
Sjølv om ein del av reisearrangørane, dei som vanlegvis sel turar for større grupper, må omstille seg og nå må sjå på nye mogelegheiter for individuelt reisande og mindre grupper, er turoperatørane einige om at dei kjem til å selja turar igjen, meir eller mindre med ein gong etter at reising utan restriksjonar vert mogeleg igjen. Spesielt tyske turoperatørar stadfesta at dei selte mange nye reiser dei få vekene Tyskland var «grøn».
I frå lang-distanse marknadar vert det nok high-end kundane som vert dei fyrste som er ut og reiser igjen – også her er det da match i forhold til Norge som reisemål!
Det er framleis mange turoperatørar som har 2020 haust- og vinterturar «på book», og framleis litt håp om at noko av dette kan gjennomførast. I forhold til sommaren 2021, er det stor optimisme og dei aller fleste operatørane ser føre seg at dei kan gjennomføra turane sine som planlagde. Hovudfokus ligg på å gjennomføre turane som vart selt for i år, men som blei flytta over til 2021 samt på å selja turane etter «same oppskrift» til fleire kundar. Mange har allereie neste års sommar katalogane sine ferdige, og i forhold til å implementere nye produkt, så vart det stort sett snakka om 2022.